[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Guanciale

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guanciale: Speka svinekjake.

Guanciale er ein italiensk måte å konservera svinekjakar på. Kjøtet i svinekjakane er svært feite, samstundes som musklane er velbrukte, noko som gir ein særleg god råvare for urøykt speka flesk. I tillaginga av guanciale blir kjakane krydra med pepar, eller chilipepar, og tidvis rosmarin. Kjøtet blir så salta i nokre dagar og kan så bli hengt til tørk i fleire veker. Guanciale er den autentiske ingrediensen i fleire tradisjonelle italienske matrettar, så som pasta all'amatriciana eller spaghetti alla carbonara.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]