Guttannen
Utsjånad
Guttannen | |||
---|---|---|---|
| |||
Plassering | |||
Styresmakter | |||
Land | Sveits | ||
Kanton | kantonen Bern | ||
Distrikt | Interlaken-Oberhasli | ||
Språk | tysk | ||
Borgarmeister | Esther Messerli | ||
Geografi | |||
Flatevidd - kommune |
200,7 km² | ||
Innbyggjarar - kommune (desember 2010) - folketettleik |
310 1,5 /km² | ||
Koordinatar | 46°39′0″N 8°17′0″E / 46.65000°N 8.28333°E | ||
Høgd over havet | 1057 moh. | ||
Diverse annan informasjon | |||
Postnummer | 3864 | ||
Nettstad: www.guttannen.ch |
Guttannen er ein kommune i distriktet Interlaken-Oberhasli i kantonen Bern i Sveits. Kommunen har 310 innbyggjarar (2010) og eit areal på 200 km². Kommunesenteret ligg 1057 meter over havet.
Guttannen ligg i Berner Oberland nær Grimselpasset. Han er den høgastliggande busetnaden i Haslital. Nabokommunane er Innertkirchen, Gadmen, Oberwald, Obergesteln, Ulrichen, Münster-Geschinen, Fieschertal og Grindelwald.
Aare spring ut frå brear i Guttannen. Det er fire innsjøar i kommunen: Oberaarsee, Grimselsee, Räterichsbodensee og Gelmersee. Vest i kommunen ligg fjella Schreckhorn, Lauteraarhorn og Finsteraarhorn. Guttannen omfattar òg Finsteraarbreen, Lauteraarbreen, Unteraarbreen, Gruebenbreen, og Bächlibreen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Guttannen» frå Wikipedia på engelsk, den 25. mars 2012.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Guttannen på tysk, fransk og italiensk i det nettbaserte Historisches Lexikon der Schweiz/Dictionnaire historique de la Suisse/Dizionario storico della Svizzera.