[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Grov nattfiol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Grov nattfiol

Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig

Systematikk
Rike: Planteriket
Klasse: Einfrøblada
Orden: Aspargesordenen
Familie: Orkidéfamilien
Slekt: Platanthera
Art: P. chlorantha
Underartar
Vitskapleg namn
Platanthera chlorantha
(Custer) Rchb.
Økologi
Habitat: skog, eng
Utbreiing: Europa, vestlege Asia

Grov nattfiol (Platanthera chlorantha) er ei plantenattfiolslekta Platantheraorkidéfamilien (marihandfamilien).[1]

Grov nattfiol kan bli opp mot 50 centimeter høg, og har kvite blomar med lang spore i eit glisent aks. Han er oftast litt større og grøvre enn nattfiol. Hos nattfiol ligg dei to støvbærarane tett ved sidan av kvarandre inne i blomen, medan dei hos grov nattfiol spriker som ein oppned «V». Blomane duftar søtleg, mest om natta, noko som heng sama med at dei blir bestøva av nattaktive tussmørkesvermarar (Sphingidae).

Systematikk

[endre | endre wikiteksten]

Det vitskaplege namnet P. montana har òg vore brukt om grov nattfiol.[2]

Nattfiol veks gjerne i ulike typar slåtte- og beitemark, vegkantar, lyngheier og (beita) skog. Arten lever mest nær kysten nord til Trøndelag.[3]Norsk raudliste for artar (2021) er arten vurdert som livskraftig (LC).[4]

Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn grönvit nattviol),[5] i Danmark (NT, dansk namn skov-gøgelilje)[6] og i Finland (LC, finsk namn keltalehdokki).[7]

Grov nattfiol (engelsk namn greater butterfly orchid) veks spreidde stader på Dei britiske øyane, og i den britiske raudlista har arten status som nær truga (NT).[8] Lokalt er han livskraftig (LC) i England og Wales,[9][10] men nær truga (NT) i Skottland.[11] I Irland har han status som livskraftig (LC).[12]

I Estland (estisk namn rohekas käokeel) er nattfiol vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[13] I Latvia (latvisk namn zaļziedu naktsvijole)[14] er arten temmeleg vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[15] I Litauen (litauisk namn žalsvažiedė blandis) veks arten over heile landet og er rekna som livskraftig.[16][17]

I Benelux veks arten (nederlandsk namn bergnachtorchis, fransk namn platanthère des montagnes) i Nederland særleg i Limburg, ellers spreidd. I Belgia er han svært sjeldan i Flandern, ein god del vanlegare i Vallonia.[18][19] I den nederlandske raudlista (som P. montana) er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar).[20] I Belgia er han rekna som sterkt truga (EN, bedreigd) i Flandern og nær truga (NT, espèce quasi menacée) i Vallonia.[21][22] I Luxembourg er han rekna som sårbar (VU).[23]

Det er gjort funn av hybridar mellom grov nattfiol og nattfiol (Platanthera bifolia × chlorantha eller Platanthera ×hybrida)[24] i Vestfold, utan at det er klarlagd kva for ein underart av nattfiol som er involvert. Hybriden er truleg oversett.[25] Hybriden med heinattfiol (Platanthera bifolia ssp. bifolia × chlorantha) er registrert fleire stader i det sørlege Sverige,[26], medan hybriden med skognattfiol (Platanthera bifolia ssp. latiflora × chlorantha) er registrert nokre få stader.[27] I Finland er berre skognattfiol representert, så der er det denne siste hybriden som finst på Åland og heilt i sørvest på fastlandet.[28] I Danmark er båe underartane representerte i hybridane.[29] På Dei britiske øyane er hybriden kjend frå spreidde lokalitetar, men det er ikkje skild mellom underartane.[30] Hybriden er òg registrert i Estland,[31] i Litauen[32] og i Nederland[33] utan at det er skild mellom underartane.

Grov nattfiol kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med smågrønkurle (Dactylorhiza viridis ssp. viridis × Platanthera chlorantha), registrert i Sverige.[34]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. «Artsdatabanken: Artsopplysningar grov nattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  2. «Artsdatabanken: Namnetre grov nattfiol». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  3. «Artskart: Grov nattfiol, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 2. mars 2022. 
  4. «Raudlista: Grov nattfiol». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 2. mars 2022. 
  5. «Artfakta naturvård: Platanthera chlorantha grönvit nattfiol». Artdatabanken. Henta 5. mars 2022. 
  6. «Naturbasen: Skov-Gøgelilje Platanthera chlorantha». Naturbasen. Henta 5. mars 2022. 
  7. «LAJI: Platanthera chlorantha». LAJI.FI. Henta 5. mars 2022. 
  8. «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022. 
  9. «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022. 
  10. «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022. 
  11. «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022. 
  12. «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022. 
  13. «eElurikkus: Platanthera chlorantha» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  14. «Latvijas daba: zaļziedu naktsvijole» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 5. februar 2023. 
  15. Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 5. februar 2023. 
  16. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 26-27. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  17. Zigmantas Gudžinskas (2001). «Diversity, state, and protection of Orchidaceae species in Lithuania». Jour. Eur. Orch. 33 (1): 415–441. ISSN 0945-7909. 
  18. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Platanthera chlorantha». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  19. «Verspreidingskaart: Bergnachtorchis – Platanthera chlorantha». Waarnemingen.be. Henta 22. januar 2024. 
  20. «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024. 
  21. «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  22. «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024. 
  23. «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024. 
  24. «PoWO: Platanthera × hybrida». Plants of the World Online. Henta 30. januar 2023. 
  25. Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193. 
  26. «Artfakta: Platanthera bifolia subsp. bifolia × chlorantha ängsnattviol × grönvit nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  27. «Artfakta: Platanthera bifolia subsp. latiflora × chlorantha skogsnattviol × grönvit nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 
  28. «LAJI: Platanthera bifolia × chlorantha». LAJI.FI. Henta 30. januar 2023. 
  29. Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8. 
  30. Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9. 
  31. «eElurikkus: Platanthera bifolia × Platanthera chlorantha» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 5. februar 2023. 
  32. Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 26. ISBN 9986-662-28-1. Henta 5. februar 2023. 
  33. «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Platanthera × hybrida». FLORON. Henta 22. januar 2024. 
  34. «Artfakta: Coeloglossum viride × Platanthera chlorantha grönkulla × grönvit nattviol». Artdatabanken. Henta 30. januar 2023. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]