Gross Schärhorn
Schärhorn | |||
fjell | |||
Schärhorn sett frå Klausenpass
| |||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Glarus-Alpane | ||
Høgd | 3 295 moh. | ||
Primærfaktor | 514 m ↓ mot Tödi | ||
Koordinatar | 46°49′37″N 8°49′45″E / 46.82694°N 8.82917°E | ||
Førstestiging | Georg Hoffmann | ||
- dato | 1842 | ||
Gross Schärhorn 46°49′37″N 8°49′45″E / 46.826944444444°N 8.8291666666667°E | |||
Plasseringa i Sveits
| |||
Wikimedia Commons: Schärhorn |
Gross Schärhorn er ein 3 294 moh høg fjellltopp i Glarus-Alpane i kantonen Uri i Sveits. Fjellet ris opp mellom øvre del av dalen Maderanertal og Klausenpasset. Schärhorn ligg i ei fjellrekke som strekker seg i nordleg retning frå Tödi, andre fjell som høyrer til same fjellrekka er Clariden, Boktschingel og Gemsfairenstock. I vest endar fjellrekka med toppane Chli og Gross Ruchen. Toppen av Chli Schärhorn (3 234 moh) ligg om lag 400 meter vest for Gross Schärhorn.
Gross Schärhorn vart klive fyrste gongen i 1842 av Georg Hoffmann, J. Gisler og P. L. Imholz.
Alle greie ruter til topps fører forbi Chammlilücke (2 854 moh), nordaust for fjelltoppen. Derifrå går ein til øvste skaret på austryggen og over på nordsida, så opp på ryggen eller ein går direkte opp på fjellaksla. Vidare går turen over ein brei bergrygg og opp den bratte fjellknausen til høgste punktet.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Gross Schärhorn» frå Wikipedia på tysk, den 17. oktober 2009.