Grimstad kyrkje
Grimstad kyrkje | |||
kyrkje | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Agder | ||
Kommune | Grimstad | ||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Vest-Nedenes | ||
Sokn | Grimstad | ||
Fellesråd | Grimstad | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Teknikk | Bindingsverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 7. april 1881 | ||
Klokker | 2, støypt i London | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | 1881 | ||
Døypefont | 1881 | ||
Altartavle | Bilete måla av Otto Mengelberg 1864 | ||
Sitjeplassar | 1000 | ||
Grimstad kyrkje 58°20′35″N 8°35′44″E / 58.34314°N 8.59546°E | |||
Wikimedia Commons: Grimstad church |
Grimstad kyrkje er ei krosskyrkje i Grimstad kommune i Agder.
Grimstad by fekk si første kyrkje i 1849, men ho vart snart for lita og vart flytta til Nedenes ved Arendal. Der står ho i dag som Engene kyrkje.
Ny kyrkje vart teikna av Henrik Thrap-Meyer og oppført av Johan Gottlieb Heinecke. Då kyrkja vart innvigd i 1881, var ho med sine 1125 sitjeplassar den tredje største trekyrkja i landet (etter Mandal og Vågan). I dag opererer Kyrkjesøk med 1000 plassar.
Altartavla har det opphavelege biletet frå 1864, et Getsemane-bilete måla av Otto Mengelberg, men ramma er nyare. Også klokkene vart overførte frå gamlekyrkja. Elles fekk den nye kyrkja nytt inventar.
Kyrkjegarden var tidleg full, og i 1872 vart det opna ny kyrkjegard for byen ved Frivoll. Han er framleis i bruk, og området rundt Grimstad kyrkje er meir som ein park.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Eriksen, Åsmund Bie, red. (1981). Grimstad kirke 100 år 1881–1981. Grimstad menighetsråd.
- Eldal, Jens Christian og Havran, Jiri (2002). Kirker i Norge, bind 3: Med historiske forbilder. 1800-tallet. Oslo: ARFO. s. 154-155. ISBN 82-91399-11-5.
- Nenseter, Bjarne (1992). «Grimstad kirke». På kirkevandring i Aust-Agder. Arendal: Kilden forlag. s. 72-73. ISBN 82-7627-003-4.
- «Grimstad kyrkje». Kirkesøk. Den norske kyrkja.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Rasmussen, Alf Henry (1993). Våre kirker. Norsk kirkeleksikon. Kirkenær: Vanebo forlag. s. 471. ISBN 82-7527-022-7.
- Grimstad kyrkje i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
-
Den første kyrkja i Grimstad er sidan flytta til Nedenesengene
-
Mot koretFoto: H.P. Ruud