Gitarstøtte
Utsjånad
Ei gitarstøtte er ein reiskap ofte nytta av klassiske gitaristar når dei spelar gitar. Gitarstøtta hjelper med å halde gitaren i ei særskild stilling.
Funksjon
[endre | endre wikiteksten]Gitarstøtta er eit alternativ til fotskammel eller pute. Støtta held gitaren slik at halsen peikar opp. Dette er ei lagleg stilling for å nå tonane på gripebrettet. Med ei gitarstøtte held musikaren båe føtene på bakken, i motsetnad til fotskammel eller pute.
Festeteknikk
[endre | endre wikiteksten]Gitaristen kan feste støtta til gitaren på fleire vis:
- 1. Sugekoppar
Sugekoppane vert festa til sargen på instrumentet.
- 2. Klemmer
Klemmene vert festa i over sargen, og kan tilpassast etter kor brei sargen er.
- 3. Borrelås
Den eine delen vert permanent festa til instrumentet slik at støtta kan takast av og på.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Wikipedia på tysk den 28. juli 2011