Ghiyasuddin Tughlak
Ghiyath al-Din Tughluq | |||
| |||
Sultan av Delhi | |||
Regjeringstid | 8. september 1321–februar 1325 | ||
---|---|---|---|
Kroning | 8. september 1321 | ||
Fødd | 13. hundreåret | ||
Død | 1. februar 1325 | ||
Dødsstad | Kara-Manikpur | ||
Gravstad | Tomb of Ghiyasuddin Tughlaq | ||
Føregangar | Khusro Khan | ||
Etterfølgjar | Muhammad bin Tughlak | ||
Dynasti | Tughlakdynastiet | ||
Born | Muhammad bin Tughlak |
Ghiyath al-Din Tughlak, Ghiyasuddin Tughlak eller Ghazi Malik[1] (døydde ca. 1325[2]) var grunnleggjaren av det indiske Tughlakdynastiet, som herska over Delhisultanatet frå 1320 til 1325. Han grunnla byen Tughlaqabad, den tredje historiske byen i Delhi. Regjeringstida hans varte berre i fem år, og han døydde under uklare omstende i 1325.
I 1324 drog Tughlak til Bengal, som var i midten av ein borgarkrige. Etter å jha sigra der sette han Nasiruddon på trona av Vest-Bengal som ein vassal, og annekterte Aust-Bengal. På veg tilbake til Delhi kjempa han mot Tirhut (i Nord-Bihar). Ved Afghanpur i februar 1325 kollapsa trepaviljongen han hadde der over han, og drap både Ghiyasuddin Tughlak og den andre sonen hans Mahmud Khan. Ibn Battuta hevda at dette var ei samansverjing av vesiren hans, Jauna Khan (Khwajah Jahan).[1][3] Han blei etterfølgd av sonen Muhammad bin Tughlak.[4]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Sen, Sailendra (2013). A Textbook of Medieval Indian History. Primus Books. s. 89–92. ISBN 978-9-38060-734-4.
- ↑ Peter Jackson, The Delhi Sultanate: A Political and Military History, (Cambridge University Press, 1999), 330.
- ↑ Battutah, Ibn (2002). The Travels of Ibn Battutah. London: Picador. s. 165–166. ISBN 9780330418799.
- ↑ Tughlaq Shahi Kings of Delhi: Chart The Imperial Gazetteer of India, 1909, v. 2, p. 369..
- Denne artikkelen bygger på «Ghiyath al-Din Tughluq» frå Wikipedia på engelsk, den 7. februar 2021.