Genfersjøen
Genfersjøen | |||
innsjø | |||
Genfersjøen sett frå Montreux
| |||
Land | Sveits, Frankrike | ||
---|---|---|---|
Tilsig | Rhône, La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse | ||
Utløp | Rhône | ||
Nedslagsfelt | 7 975 km² | ||
Opphaldstid | 11,4 år | ||
Høgd over havet | 372 moh. | ||
Lengd | 73 km | ||
Breidd | 14 km | ||
Areal | 580 km² | ||
Middeldjupn | 153,4 m | ||
Største djupn | 310 m | ||
Volum | 89 km³ | ||
Koordinatar | 46°26′N 6°33′E / 46.433°N 6.550°E | ||
Øyar | Ile de la Harpe, Ile de Peilz | ||
Byar | Montreux, Genève, Lausanne | ||
Genfersjøen 46°27′N 6°33′E / 46.45°N 6.55°E | |||
Kart som viser Genfersjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Geneva |
Genfersjøen er den nest største ferskvassinnsjøen i Sentral-Europa etter Balatonsjøen. 60 % av innsjøen ligg i Sveits (kantonane Vaud, Genève og Valais), medan resten ligg i Haute-Savoie i Frankrike. Andre namn på sjøen er tysk Genfersee, fransk Lac Léman eller le Léman, 'Lémansjøen' og Lac de Genève, 'Genèvesjøen'
Innsjøen, som vart danna av isbrear under den siste istida vert smalare frå Yvoire og sørover, og innsjøen vert derfor delt inn i dei to delane Grand Lac (Stor innsjø) i aust, og Petit Lac (Liten innsjø) i vest.
Genfersjøen er ein innsjø på elva Rhône. Ho har sitt utspring ved Rhônebreen nær Grimselpasset aust for innsjøen og renn ned gjennom Valais, og ut i innsjøen mellom Villeneuve og Saint-Gingolph. Ho renn vidare frå Genfersjøen ved Genève. Andre elvar som munnar ut i Genfersjøen er La Drance, L'Aubonne, La Morges, Venoge, og Veveyse.
I 1960-åra var ikkje lenger innsjøen den viktige transportåra han hadde vore i mange hundre år. Seint på 1960-talet var innsjøen så forureina at det var farleg å bade ved enkelte strender, og turistar på tur i den lokale ubåten hadde nærast null sikt. Ubåten vart til slutt seld. I 1980-åra hadde kraftig miljøforureining (eutrofiering) tatt knekken på nesten all fisk i innsjøen. I dag er forureiningsnivået mykje lågare, og det er heilt trygt å ta seg eit bad. Innsjøen vert i dag nytta til segling, vindsurfing, båtsport (som vasski og wakeboard), roing, dykking og bading.
Kyststripa mellom Nyon og Lausanne vert kalla La Côte, og mellom Lausanne og Vevey vert ho kalla Lavaux.
Namn
[endre | endre wikiteksten]Det første nedteikna namnet på innsjøen er Lacus Lemannus frå romartida, men skifta seinare namn til Lacus Lausonius, Lacus Losanetes og så Lac de Lausanne i mellomalderen. Etter at Genève utvikla seg vart innsjøen kalla Lac de Genève (Genèvesjøen), og på 1700-talet kom det som i dag er det offisielle franske namnet på innsjøen, Lac Léman. Enkelte kart kallar innsjøen Lac d'Ouchy (etter ei hamn ved Lausanne).
Ymse
[endre | endre wikiteksten]- Keiserinna Elisabeth av Austerrike vart knivstukke i hjarta og drepen medan ho venta på ein båt ved innsjøen.
- Mary og Percy Shelley og Lord Byron ferierte ved innsjøen og skreiv spøkelseshistoriar. Ein av desse danna grunnlaget for romanen Frankenstein.
- Popsongaren Phil Collins bur ved innsjøen.
- Mange meiner at oska til den britiske rockestjerna Freddie Mercury vart spreidd utover innsjøen.
- Songen Smoke on the Water av Deep Purple vart skriven då eit kasino i Montreux ved breidda av Genfersjøen byrja å brenne. Brannen starta under ein konsert med Frank Zappa and the Mothers of Invention, medan Deep Purple såg det heile frå andre sida av innsjøen.
Byar og tettstader
[endre | endre wikiteksten]Dette er ei liste over byar og landsbyar ved Genfersjøen. Ho startar der Rhône munnar ut i aust, og med sørsida til venstre.
Sørsida | Nordsida | |
---|---|---|
Grand Lac | ||
Petit Lac |
|
|
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Internasjonal kommisjon for vern av Genfersjøen (CIPEL)
- Les ports du lac Léman Arkivert 2006-12-05 ved Wayback Machine. (fransk)
- CGN Compagnie Générale de Navigation sur le lac Léman
- Vassnivå i Genfersjøen Arkivert 2009-06-25 ved Wayback Machine. ved Chillon
- Vassnivå i Genfersjøen Arkivert 2009-06-25 ved Wayback Machine. ved Saint-Prex
- Vassnivå i Genfersjøen Arkivert 2009-06-25 ved Wayback Machine. ved Genève
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Geneva» frå Wikipedia på engelsk, den 15. april 2007.