[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Garry Walker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garry Walker
Fødd1974 (50 år)
FødestadEdinburgh
OpphavStorbritannia
Verka somdirigent

Garry Walker (fødd i 1974 i Edinburgh) er ein skotsk dirigent.

Walker fekk vidaregåande utdanning ved St Mary's Music School i Edinburgh.[1] Han fekk fyrst opplæring som cellist, og spelte cello i Edinburgh Youth Orchestra.[2] I 1995 gjekk Walker ut av Royal Northern College of Music og Manchester University.[3]

I 1999 vann Walker Leeds Conductors Competition.[4] Han blei så hjelpedirigent ved Royal Scottish National Orchestra (RSNO).[5] Seinare var han hovudgjestdirigent for RSNO frå 2003 til 2007.[6][2]

Walker har òg vore dirigent for Edinburgh Youth Orchestra og hovuddirigent for Paragon Ensemble, og var ein regelmessig gjestedirigent for Royal Philharmonic Orchestra.[5][2] Han har vore medlem av fakultetet ved Royal Conservatoire of Scotland (RCS) som gjesteprofessor i dirigering, og RCS skapte formelt stillinga kunstnerisk direktør. I november 2015 kunngjorde Staatsorchester Rheinische Philharmonie at Walker var blitt utnemnd som dirigent med verknad frå sesongen 2017-2018.[7] I juni 2019 kunngjorde Opera North at Walker var utnemnd som den neste musikkdirektøren deira, med verknad frå sesongen 2020-2021.[8] I februar 2020 meddelte Staatsorchester Rheinische Philharmonie at Walker skulle gå av som dirigent ved slutten av sesongen 2021-2022.[9]

På fritida går Walker gjerne i fjell.[2] Han har fullført målet sitt om å kliva til topps på alle dei 284 munrofjella i Skottland.[10]

  1. Conrad Wilson (27. juni 2007). «Music». The Herald. Henta 3. november 2009. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Cornwell, Tim (7. februar 2004). «Climb every mountain». The Scotsman. Henta 3. november 2009. 
  3. Markowitz, Michael (24. september 2003). «Garry Walker Named Principal Guest Conductor of the Royal Scottish National Orchestra». The Scotsman. Arkivert frå originalen 28. november 2006. Henta 3. november 2009. 
  4. Michael Tumelty (16. november 2004). «A man with a mission: Garry Walker tells Michael Tumelty why he is determined to bring new music to his audience». Herald Scotland. Henta 4. juli 2019. 
  5. 5,0 5,1 Michael Tumelty (11. juni 2002). «Work is pouring in for conductor Garry Walker». Herald Scotland. Henta 4. juli 2019. 
  6. Kate Molleson (27. januar 2016). «Interview: Garry Walker». The Herald. Henta 4. juli 2019. 
  7. «Garry Walker wird neuer Chefdirigent des Staatsorchesters Rheinische Philharmonie» (Press release). Rhineland Pfalz Ministerium für Familie, Frauen, Kultur und Integration. 23 November 2015. Henta 16. mai 2021. 
  8. «Opera North announces new musical leadership» (Press release). Opera North. 24 June 2019. Henta 4. juli 2019. 
  9. «Rheinische Philharmonie: Walker verlängert nicht» (Press release). Rhineland Pfalz Ministerium für Familie, Frauen, Kultur und Integration. 11 February 2020. Henta 18. mai 2021. 
  10. Tumelty, Michael (27. september 2008). «Peak practice fr rom [sic] a young conductor used to scaling the heights». The Herald. Arkivert frå originalen 23. oktober 2012. Henta 3. november 2009.