Gabriel Fahrenheit
Utsjånad
Gabriel Fahrenheit | |||
| |||
Fødd | 24. mai 1686 Gdańsk | ||
---|---|---|---|
Død | 16. september 1736 Haag | ||
Nasjonalitet | Det polsk-litauiske samveldet | ||
Område | fysikk | ||
Yrke | fysikar, oppfinnar, instrumentmaker, kjemikar | ||
Medlem | Royal Society |
Daniel Gabriel Fahrenheit, eller Gabriel Daniel Fahrenheit (fødd 24. mai 1686 i Danzig, død 16. september 1736 i Haag) var ein tysk fysikar og instrumentmakar. Temperatureininga Fahrenheit (F) er oppkalla etter han. Eininga var lenge i bruk i Tyskland, og vert framleis nytta USA.
Han var busett i Nederland der han arbeidde som glasblåsar. Han vidareutvikla kvikksølvtermometeret slik at det i 1714fekk den forma som sidan er blitt vanleg for væsketermometer. Han vidareførte arbeida til danske Ole Rømer med å skape ein temperaturskala som var basert på fikspunkt. Han påviste at kokepunktet til vatn var avhengig av trykket i omgjevnadane og fann opp hypsometeret, der denne eigenskapen vert nytta for høgdemåling.
Litteratur
[endre | endre wikiteksten]- Grigull, Ulrich (1987): Daniel Gabriel Fahrenheit: Leben und Werk; C.H. Beck Verlag; ISBN 3-7696-4721-1