Gori
Utsjånad
Gori გორი | ||
---|---|---|
Statue av Stalin føre rådhuset i Gori | ||
| ||
Styresmakter | ||
Land | Georgia | |
Grunnlagd | 1100-talet | |
Geografi | ||
Flatevidd | 16,85 km² | |
Flatevidd - By |
16,85 km² | |
Innbyggjarar - By (2014) - folketettleik |
48 143 2 857/km² | |
Koordinatar | 41°58′37″N 44°06′09″E / 41.97694°N 44.10250°E | |
Høgd over havet | 588 m | |
Tidssone | MSD (UTC+4) | |
gori.iatp.org.ge | ||
Diverse anna | ||
Heimeside: https://gori.gov.ge |
Gori (georgisk skrift გორი) er ein industriby i provinsen Sjida Kartli i Georgia. Byen vart grunnlagd av ein av dei største kongane av Georgia, David IV av Georgia (1089–1125). Han har om lag 45 000 innbyggjarar, og ligg der elva Liakhvi munnar ut i Mtkvari (Kura). Byen vart nesten heilt øydelagd under eit jordskjelv i 1920.
I 1878 vart den sovjetiske diktatoren Josef Stalin fødd i Gori, og byen inneheld eit Josef Stalin-museum med gjenstandar knytte til livet hans, huset der han vart fødd og den personlege jernbanevogna hans.
Ein av dei siste statuane av Stalin i det tidlegare Sovjetunionen står utanfor rådhuset i byen.
Festninga Goristsikhe frå mellomalderen ligg ovanfor byen.
Kjende personar frå Gori
[endre | endre wikiteksten]- Josef Stalin, leiar av Sovjetunionen