Gorakhpur
Gorakhpur | |||
Hindi गोरखपुर Urdu گورکھپور | |||
by | |||
Gorakhpur-tempelet
| |||
Land | India | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Gorakhpur | ||
Areal | 3 483,8 km² | ||
Folketal | 624 570 (2001) | ||
Gorakhpur 26°45′40″N 83°22′00″E / 26.761111111111°N 83.366666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Gorakhpur |
Gorakhpur (hindi गोरखपुर, urdu گورکھپور) er ein by i den austlege delen av delstaten Uttar Pradesh i India. Byen har 677 236 innbyggjarar, og er administrasjonssenter i Gorakhpur distrikt. Han ligg ved Raptielva, rundt 65 km sør for grensa til Nepal og 11 mil aust for byen Faizabad.[1]
Byen blei til rundt 1400.[1] Han har namn etter asketen Gorakshanath, som verka på staden. I dag er han kjend for tempelet Gorakhnath Math.
I Mogulriket var Gorakhpur ein viktig garnisonsby. Han blei overteken av Det britiske austindiakompaniet i 1801, og var eit militært treningssenter i Britisk India. I 1934 blei han råka av eit øydeleggjande jordskjelv.[1]
Gorakhpur er i dag eit transportknutepunkt for veg og jernbane. Det fisnt også ein liten flyplass her for innanrikstrafikk.[1] Tekstilindustri, trykkeri, sukkerproduksjon og jernbanevedlikehald er viktige industriar.[1] Byen er hovudkvarter for Gita Press, det største forlaget for hinduskrifter i verda.[2]
Det lokale universitetet Deen Dayal Upadhyaya Gorakhpur University blei grunnlagd i 1956 og driv eit arkeologisk museum her.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 «Gorakhpur», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 25. august 2015, henta 20. mars 2017
- ↑ «Gita Press», Encyclopædia Britannica, Encyclopædia Britannica, inc., 17. oktober 2013, henta 20. mars 2017
- Denne artikkelen bygger på «Gorakhpur» frå Wikipedia på bokmål, og «Gorakhpur» frå Wikipedia på engelsk den 20. mars 2017.