Gotskalk Matiasson Seim
Utsjånad
Gotskalk Matiasson Seim | |||
Fødd | 19. september 1818 Voss herad | ||
---|---|---|---|
Død | 4. mai 1873 (54 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Yrke | politikar, bonde | ||
Alle verv |
|
Gotskalk Matiasson Seim (19. september 1818–4. mai 1873) var ein norsk gardbrukar, postførar og stortingsmann frå Voss.
Far hans var gardbrukar og lensmann i Voss. Sjølv kjøpte han i 1843 garden Oppeland i Voss og dreiv denne til han kjøpte garden Dukstad i same bygda. Seim var postførar mellom Voss og Lærdal frå 1839 til 1873. Han var medlem av heradsstyret 1845-73, ei tid var han varaordførar. Forlikskommissær 1859-70.
Seim var stortingsrepresentant for Søndre Bergenhus amt i tida 1862-69. Alle periodane var han medlem av justiskomite nr 1.
Han døydde i Bergen i 1873.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914