Brukar:Carpalim/Sandkasse1
Skatt (av norrønt skattr)[1] er ytingar frå private til det offentlege utan konkrete vederlag. Fråværet av konkrete vederlag skil skattar frå betalingar for offentlege tenester (gebyr). Hovudformålet til skattar er å finansiere offentleg forbruk og investeringar, og overføringar til privat sektor.[2]
Skattar deles ofte inn i direkte og indirekte skattar. Direkte skattar har til hensikt å ramme den som formelt er ilagt skatten. Typiske direkte skattar er skatt på inntekt og skatt på formue. Ved indirekte skattar skal den som formelt er ilagt skatten, kunne velte skattebyrden over på kjøparen gjennom eit påslag i prisen. Typiske indirekte skattar er meirverdiavgift og særavgifter.
Dei fleste skattar fører til at produsentar og forbrukarar vel ein annen samansetting av konsum og produksjon enn dei ville ha gjort utan skattar. Slike skattar kallast vridande skattar og kan lede til eit samfunnsøkonomisk tap ved at ressursbruken blir mindre effektiv. Nøytrale skattar påvirker ikkje samansettinga av konsum og produksjon, mens effektivitetsfremmande skattar bidrar til ein meir effektiv ressursbruk.
- ↑ Bokmålsordboka og Nynorskordboka på dokpro
- ↑ Zimmer, Frederik (2009): Lærebok i skatterett. 6. utgave, Oslo: Universitetsforlaget, side 27 (ISBN 9788215015897)