Bjarne Kristoffersen
Utsjånad
Bjarne Kristoffersen | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. november 1916 Nedre Eiker kommune |
Død | |
Yrke | illustratør, teikneserieskapar |
Bjarne Kristoffersen (fødd 15. november 1916 i Nedre Eiker, død 25. mars 1994) var ein norsk teiknar og teikneserieutgjevar. Han fekk offentleggjort dei første teikningane sine i Drammensavisa Fremtiden alt som 11-12 åring. Han fekk stønad frå heimekommunen for å ta teikneutdaning. Dei første teikneoppdraga han hadde var mellom anna i Donald Duck, der han teikna rebusar og andre oppgåver. I 1954 vart han teiknar av Soldat 47, som han gav ut saman med Øyvind Dybvad.
Etter som Jens R. Nilssen reduserte teikneoppdraga sine, overtok Kristoffersen Peik i 1958, Vangsgutane i 1959 og Bamsemann i 1964. Bjarne Kristoffersen var og tilknytt Bladkompaniet som teiknar.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Haakon W. Isachen: Ingen jul uten Juleheftene Egmont serieforlag 2004