Bjugn kommune
Bjugn kommune | |||
kommune | |||
|
|||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Adm.senter | Botngård | ||
Areal | 384 km² | ||
• land | 356 km² | ||
• vatn | 28 km² | ||
Målform | bokmål | ||
Ordførar | Ogne Undertun (Ap) | ||
Kommunenr. | 5017 | ||
Bjugn kommune 63°48′24″N 9°53′53″E / 63.806666666667°N 9.8980555555556°E | |||
Kart som viser Bjugn kommune.
| |||
Wikimedia Commons: Bjugn | |||
Nettstad: www.bjugn.kommune.no |
Bjugn er ein tidlegare norsk kommune i Trøndelag fylke. Kystkommunen låg på Fosenhalvøya i Trøndelag fylke, og hadde fire tettstader med Lysøysund og administrasjonssenteret Botngård som dei største. Kommunen grensa til Åfjord i nord, Rissa i aust og Ørland i vest. 1. januar 2020 blei kommunen slått saman med Ørland kommune.[1]
Kommunevåpenet til Bjugn viser eit ror i gull på blå botn. Dette blei vedteke av kommunen i april 1987 og godkjent i statsråd i 1989.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Bjugnfjorden, Tarvafjorden og Stjørnfjorden skjer inn i kommunen. Været og Karlsøya er øyar som ligg langt frå fastlandet sør i kommunen, medan Melsteinen ligg i nord.
Seksortklumpen på 490 moh. er høgaste fjellet, men det noko lågare Kopparn 483 moh. er eit meir imponerande og velkjent landemerke.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Det finst mange spor frå eldre jernalder i kommunen, for det meste gravhaugar, som ligg konsentrert i særskilde område langs kysten.
Sildefiske var lenge ein viktig næringskjelde i området som no er Bjugn kommune, og det blei etablert to fabrikkar for sildolje og sildemjøl her på 1950-talet.
I 1899 blei Bjugn delt opp herada i Stjørna, Bjugn og Nes. I 1964 blei herada Jøssund, Nes, Bjugn og nord-Stjørna slått saman til Bjugn kommune.
Natur
[endre | endre wikiteksten]Engstorkenebb er kommuneblomen til Bjugn.
Kultur
[endre | endre wikiteksten]Mølnargården er bygdatun og museum for Bjugn. Her blir kvart år det historiske spelet Mølnargårdsspellet, som skildrar Bjugn-historia frå steinalderen til 1900-talet, vist fram. Dette var det første utandørsspelet som blei laga til i Sør-Trøndelag.
Folk frå Bjugn
[endre | endre wikiteksten]- Arnfinn Nesset (f. 1936), sjukeheimsstyrar, sjukepleiar
- Morten Lund (f. 1945), politikar, stortingsmann