Bitakat Hob
Utsjånad
«Bitakat Hob» | |||||
---|---|---|---|---|---|
Eurovision Song Contest 1980 | |||||
Land | Marokko | ||||
Artist(ar) | Samira Bensaïd | ||||
Språk | Arabisk | ||||
Komponist(ar) | 'Abd Al-'Atī Amyna | ||||
Låtskrivar(ar) | Malw Rawan | ||||
Resultat | |||||
Finalepoeng | 7 | ||||
Finaleplass | 18 | ||||
Marokko i Eurovision Song Contest | |||||
|
«Bitakat Hob» (arabisk «بطاقة حب») var det marokkanske bidraget i Eurovision Song Contest 1980, framført på arabisk av Samira Bensaïd.
Eurovision Song Contest 1980
[endre | endre wikiteksten]Bensaïd vart vald ut av Société Nationale de Radiodiffusion et de Télévision (SNRT) til å delteke i Eurovision Song Contest med songen «Bitakat Hob» for Marokko. Det var det fyrste bidraget i Eurovision Song Contest med tekst på arabisk.
Songen starta som nummer fem i finalen, etter Luxembourg med «Papa pingouin» av Sophie & Magaly og før Italia med «Non so che darei» av Alan Sorrenti. Bidraget fekk sju poeng frå Italia. Marokko fekk til saman sju poeng og enda på 18. plass av totalt 19 bidrag.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bitaqat Hub» frå Wikipedia på engelsk, og «Eurovision Song Contest 1980» frå Wikipedia på engelsk den 13. april 2012.