Bergirisk
Bergirisk | |
Foto: Imran Shah
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig Status i Noreg: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Finkefamilien Fringillidae |
Slekt: | Linaria |
Art: | Bergirisk L. flavirostris |
Vitskapleg namn | |
Linaria flavirostris |
Bergirisk (Linaria flavirostris) er ein fugl i finkefamilien.
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Arten har to åtskilde utbreiingsområde. Det eine er i den sentrale delen av Asia, der han finst frå aust i Tyrkia mot aust til det sentrale Kina, og frå steppene i Kirgisistan i nord til fjella i Kaukasus i sør. I tillegg er det ein bestand som i det vesentlege er avgrensa til Noreg og Storbritannia. Åtte underartar er skildra, og i Noreg er det nominatunderarten flavirostris som hekkar. I Europa reknar ein 167-567 tusen par. Utviklinga i bestanden er lite granska.
Biotop og utbreiing i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Bergirisken trivst på vegetasjonsfattige stader, gjerne med bergknausar. I Noreg er hovudutbreiinga langs kysten frå og med Agder til og med Trøndelag. I indre fjelltrakter og i Nord-Noreg er fuglen meir fåtalig. Arten er elles ofte å sjå til fjells, særleg i fjella nær kysten. I Noreg reknar ein 100-500 tusen hekkande par, men fuglen er i tilbakegang og bergirisken er lista på norsk raudliste 2006 i kategorien nær trua.
Føde
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa er i første rekke frø, men om sommaren et han også noko insekt.
Hekking
[endre | endre wikiteksten]Fuglen byggjer reir med det same han kjem til hekkestaden. Reiret vert ofte plassert rett på bakken. Hoa legg 5-6 egg i mai. Det er vanleg med to kull i løpet av sesongen. Ungane vert fora med insekt, men elles lever fuglen mykje av frø.
Trekkvanar
[endre | endre wikiteksten]Trekket sørover byrjar i august, hovudtrekket går i september-oktober. Dei fleste fuglane har vinterkvarter i Belgia, Nederland og det nordlege Tyskland, færre lengre sør. Ein del fuglar overvintrar langs kysten i det sørlege Noreg. Fuglane kjem til Noreg i april, etternølarar i mai.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]-
Teikning av fuglen
-
Bergiriskegg
-
Foto: Imran Shah
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Norsk ornitologisk forening om Bergirisk
- Stokke BG, Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R og Strøm H (24.11.2021). Fugler: Vurdering av bergirisk Linaria flavirostris for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 16. januar 2022
- Norsk RingmerkingsAtlas, 2006.