[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Beit Kama

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beit Kama
בֵּית קָמָה
kibbutz
Land  Israel
Region Nord-Negev
Distrikt Det sørlege distriktet
Koordinatar 31°26′44.12″N 34°45′37.96″E / 31.4455889°N 34.7605444°E / 31.4455889; 34.7605444
Folketal 1 405 (2019)[1]
Grunnlagd 18. april 1949
 •  Grunnlagd av Hashomer Hatzair-medlemmar
Tilhøyrsle Kibbutzrørsla
Kart
Beit Kama
31°26′44″N 34°45′38″E / 31.445588888889°N 34.760544444444°E / 31.445588888889; 34.760544444444
Kart som viser Beit Kama.
Kart som viser Beit Kama.
Kart som viser Beit Kama.
Wikimedia Commons: Beit Kama

Beit Kama (hebraisk skrift בֵּית קָמָה, tyder Akse-huset) er ein kibbutz nord i Negevørkenen i Israel i Bnei Shimon regionale kommune.

Beit-Kama er ein sekulær kibbutz som har bevart samarbeidsforma innan dei fleste område. Han har tradisjonelt høyrt til organisasjonen «Hakibbutz Ha’artzi» og «Hashomer Hatzair» rørsla. Staden ligg 20 minuttars køyring frå Beersheba, og kring ein time frå Tel-Aviv og Jerusalem.

Kibbutzen vart grunnlagd den 18. april 1949 på landområdet til den kristne, arabiske landsbyen al-Jammama, som vart teken under den arabisk-israelske krigen i 1948.[2][3][4] Grunnleggjarane av Beit Kama var immigrantar frå Ungarn som høyrte til Hashomer Hatzair-rørsla.

Busetnaden vart først kalla Safiach. Det noverande namnet kjem frå Jesaja 17:5: «Det blir som når ein haustar korn og handa samlar kornet og skjer av aksa.»[5]

Panorama av Beit Kama
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 https://citypopulation.de/en/israel/southern/beer_sheva/0598__bet_qama/; Wikimedia-import-URL: https://he.wikipedia.org/w/index.php?oldid=29003143.
  2. Khalidi, Walid (1992). All that remains: the palestinsk Villages Occupied and Depopulated by Israel in 1948. IPS. s. 73–74. ISBN 978-0-88728-224-9. 
  3. Bagatti, Bellarmino (2002). Ancient Christian Villages of Judea and the Negev. Franciscan Printing Press. s. 149. ISBN 978-965-516-046-8. 
  4. Morris, Benny (2004). The Birth of the Palestinian Refugee Problem Revisisted. Cambridge University Press. s. xvi, xx, xxii. ISBN 978-0-521-00967-6. Arkivert frå originalen 6. november 2012. Henta 8. september 2015. 
  5. Carta's Official Guide to Israel and Complete Gazetteer to all Sites in the Holy Land. (3rd edition 1993) Jerusalem, Carta, s.113 , ISBN 965-220-186-3 (engelsk)