[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Beit Berl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beit Berl

Grunnlagt1970, 1964
TypeOffentleg
StadDrom HaSharon regionale kommune
Nettstadhttps://www.beitberl.ac.il/ (hebraisk, engelsk, arabisk)
Kart
Beit Berl
32°12′04″N 34°55′35″E / 32.201144444444°N 34.926252777778°E / 32.201144444444; 34.926252777778

Beit Berl (hebraisk skrift בֵּית בֶּרְל, bokstaveleg 'Berlhuset') er ein landsby og den største akademiske høgskulen i Israel etter talet på studentar (kring 7 000) og talet på ulike studieretningar. Han ligg i utkanten av Kfar Saba og høyrer til Drom HaSharon regionale kommune. I 2006 hadde han ei permanent busetjing på 260.

Midrasha LeOmanut, Beit Berl kunstskule.

Beit Berl vart kalla opp etter Berl Katznelson, den andelege leiaren til arbeidarrørsla i Palestinamandatet. Grunnsteinen vart lagt 21. august 1946 og staden vart nytta som eit baseområde for Haganah-styrkar og seinare det israelske forsvaret.

Beit Berl vart grunnlagd i 1970-åra på det som hadde vore skule for lærarar, ungdomsleiarar, kibbutzmedlemmar og unge immigrantar sidan slutten av 1940-åra.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]