Barney & Friends
Utsjånad
| |||
Type | fjernsynsserie | ||
---|---|---|---|
Sjanger | barnemusikk | ||
Opphavsland | USA | ||
Sesongar | 14 | ||
Episodar | 268 | ||
Lengd | 30 minutt | ||
Språk | engelsk | ||
Skapar | Sheryl Leach | ||
Kanal | Public Broadcasting Service |
Barney & Friends er ein amerikansk fjernsynsserie for barn. Hovudpersonane er Barney, ein antropomorf lilla Tyrannosaurus rex,[1] og dinosaurvenene hans. Dei blir òg vitja av menneske, både barn og vaksne kjendisar. Barney blei til som ein serie videoar i 1987, og blei frå 1992 produsert og send av PBS. Barney blei raskt populær, og hadde etter ein sesong rundt 5 millionar sjåarar, nesten like mange som rivalen Sesame Street. Bøker og leiketøy frå serien blei lanserte og gjorde det godt.[2] Serien fekk også kritikk.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Michael Riley Atlanta (21. desember 1992). «Stuuuupendous!». Time. Henta 30. mai 2011.
- ↑ Daniel Cerone (3. april 1993). «Barney, the Elvis for Toddlers : Dinosaur Is a Star, Spreading Love With Hugs, Kisses, Songs». Los Angeles Times. Henta 30. mai 2011.
- ↑ «Advertising; Barney's Image Gets Makeover For New Crop Of Toddlers». The New York Times. 12. august 2002. Henta 30. mai 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Barney-nettstad
- Offisiell nettside frå Hit Entertainment Arkivert 2011-08-14 ved Wayback Machine.
- Barney & Friends Arkivert 2006-07-03 ved Wayback Machine. på PBS Kids (USA)
- Barney & Friends på PBS Kids Sprout (USA)
- Barney & Friends ved IMDb