Bal missilkompleks
BAL (GRAU-indeks 3K60, NATO rapporteringsnamn SSC-6 «Sennight» er eit russisk kystforsvars-missilkompleks mot sjømål i overflatestilling. Systemet brukar missilet Kh-35,[1] og er særs godt eigna til å forsvare kystlinja mot framande landgangsstyrkar. BAL-systemet vart teke i bruk i Russland i 2008, men finst òg i ein eksportversjon som vert kalla BAL-AE.[treng kjelde]
Kystmissilsystemet er laga for å kunna øydeleggja overflatemål opptil 150 kilometer unna.[2]
I 2019 meldte Den russiske nordflåten at deu hadde plassert ut Bal-kystmissilsystemet på Sredny-halvøya ved Barentshavet.[2]
Kystmissilsystemet brukar ein lastebil av typen MZKT-7930 som avfyringsrampe, og eit batteri har 4 slike med to missil kvar. Dessutan har batteriet ein kommandoplass med kommando- og kontrollfunksjonar og 4 lastebilar med fleire missil, og ei kran for omlasting.
Taktiske og tekniske karakteristikkar
[endre | endre wikiteksten]Bilete frå utstilling i 2013
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- http://military-informer.narod.ru/BPRK-Bal-e.html
- Совместные стрельбы ракетных катеров Черноморского флота и БРК «Бал» på YouTube
- ↑ Корпорация "Тактическое ракетное вооружение", ОАО, arkivert frå originalen 18. august 2010, henta 2. april 2017
- ↑ 2,0 2,1 Hykkerud, Erlend (8. august 2019), «Nytt russisk missilsystem satt ut på grensa mot Norge», NRK (på norsk bokmål), henta 21. januar 2022
- ↑ «Бал-Э», мобильный береговой ракетный комплекс с противокорабельной ракетой типа Х-35 — ОРУЖИЕ РОССИИ, Каталог вооружения, военной и специальной техники, arkivert frå originalen 16. februar 2012, henta 2. april 2017