Bad Kreuznach
Utsjånad
Bad Kreuznach er ein by og ein kommune i delstaten Rheinland-Pfalz i Tyskland. Kommunen har 51 00 ibuarar, flatevidda er 55,6 km². Byen er ein kjend såkalla «kurstadt» og eit turistmål. Elva Nahe renn gjennom byen, den 700 år gamle Alte Nahebrücke kryssar elva i gamlebyen.
Karl Marx gifta seg i Bad Kreuznach, som elles er heimbyen til spjutkastaren Matthias de Zordo.
Kjeder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bad Kreuznach» frå Wikipedia på tysk, den 22. november 2021.