Baul
Utsjånad
Baul eller baūl er ein vandrande songar eller skald i Bengal.[1] Baular framfører folkelege songar med religiøst innhald, og akkompagnerer seg sjølv med enkle instrument. Musikksjangeren baul har utikla seg etter påverknad frå både sufismen, tantrismen og vishnuismen; men er ikkje knytt til ein særskild ortodoks retning.[1]
Baular har som regel ikkje interesse for den ytre forma av religionen. Ein dyrkar ikkje Gud i form av bilde eller skrift, men reknar med at Gud bur i hjarta til menneska. Ifølgje bodskapen til baulane når ein ikkje Gud gjennom å vitja tempel eller andre heilage stader, men kan i staden nå Gud gjennom personleg kjærleik og via hengjevnad i form av blant anna song, meditasjon og andingsøvingar.[1]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Baul» frå Wikipedia på svensk, den 4. juli 2020.