Bourg-en-Bresse
Bourg-en-Bresse | |||
---|---|---|---|
Gate i Bourg-en-Bresse | |||
| |||
Styresmakter | |||
Land Region Departement |
Frankrike Rhône-Alpes Ain | ||
Geografi | |||
Flatevidd | 23,86 km² | ||
Flatevidd - By |
23,86 km² | ||
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik - Byområde - Storbyområde |
40 666 1 704/km² 57 198 101 016 | ||
Koordinatar | 46°12′20″N 05°13′44″E / 46.20556°N 5.22889°E | ||
Høgd over havet | 240 m | ||
Tidssone | CET (UTC+1) | ||
Diverse anna | |||
Heimeside: www.bourg-en-bresse.org |
Bourg-en-Bresse (Bôrg på frankoprovensalsk språk) er ein by og kommune aust i Frankrike. Han er préfecture (administrasjonsstad) i departementet Ain, og var tidlegare hovudstad i den franske provinsen Bresse. Han ligg 60 km nordaust for Lyon, og har like over 40 000 innbyggjarar (kalla burgiennes og burgiens), medan storbyområdet har over 100 000.
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Bourg-en-Bresse ligg ved den vestlege foten av Jurafjella, ved den venstre breidda til elva Reyssouze, ei sideelv til Saône. Han ligg 60 km nordaust for Lyon og 50 km frå Lons-le-Saunier.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Ein har oppdaga restar av romarane ved Bourg, men ein kjenner lite til den tidlege historia til byen. Byen vart ein fri by i 1250, og vart på byrjinga av 1400-talet vald av hertugane av Savoie som hovudstad i provinsen Bresse. I 1535 vart byen ein del av Frankrike, men vart gjeve tilbake til Hertug Philibert Emmanuel, som seinare bygde ein sterk festning som motstod ei seks månadar lang omleiring av Henrik IV sine soldatar. Byen vart til slutt fransk i 1601. I 1814 gjorde innbyggjarane motstand mot austerrikarane, som plyndra byen.
Økonomi
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa til byen er handel med jernvarer, mineralvatn, talg, såpe og pottemakarvarer. Det ligg ei mølle og eit bryggeri i byen, og det vert òg handla mykje med korn, kveg og fjørfe.