Boulogneskogen
Utsjånad
Boulogneskogen | |||
| |||
Boulogneskogen sett frå Eiffeltårnet. | |||
Boulogneskogen 48°51′53″N 2°15′03″E / 48.864722222222°N 2.2508333333333°E |
---|
Bois de Boulogne eller Boulogneskogen er ein park i den vestlege delen av 16. arrondissement i Paris, i nærleiken av forstaden Boulogne-Billancourt.
Boulogneskogen var ein kongeleg dyrepark frå 1400-talet, men blei opna for allmugen på 1600-talet. Staden blei gjort om til ein park av Napoleon III i 1852; i samband med dette blei han omforma av arkitekten Georges-Eugène Haussmann.[1] Parken dekkjer ca. 8,5 km². Dermed er han mykje større enn t.d. Central Park i New York eller Hyde Park i London.
I Boulogneskogen ligg ein zoologisk hage og dei store hestekappløpsbanane Longchamp og Auteuil.[2]
I den nordlege delen av Bois de Boulogne ligg fornøyelsesparken Jardin d'Acclimatation. Her ligg også tennisanlegget Stade Roland Garros.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Nationalencyklopedin multimedia plus, 2000 (uppslagsord Bois de Boulogne)
- ↑ Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 4, Svensk Uppslagsbok AB, Malmö 1939, s. 844.
- Denne artikkelen bygger på «Bois de Boulogne» frå Wikipedia på bokmål, den 1. september 2024.