[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Bær

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bær
Viltvaksande bær frå Alaska.

Bær er i daglegtale små frukter som veks på tre, buskar eller småplantar. I botanikken er bær ei frukt med frø som ein kjerne inni og fruktkjøt rundt.

Bær er ein spreiingsmetode for planter. Dei vert nytta som mat for dyr medan plantene nyttar bæra for å spreie seg. Når ein fugl et eit bær, vil han ikkje klare å fordøye frøa, og dei vil bli sleppte ut heile saman med avføringa. Sidan fuglar flyg over lange avstandar, er dette ein effektiv metode for å spreie seg over eit vidt område.

Fruktene me reknar som bær i matlaging er anten søte eller syrlege på smak. Dei kan etast ubehandla eller brukast til å laga saft, syltetøy eller dessertar.

«Bær» i daglegtale, men ikkje i botanikken:

«Bær» i botanikken, men ikkje i daglegtalen: