Astronomiske instrument
Utsjånad
Astronomiske instrument er hjelpemiddel for astronomiske observasjonar. I tidlegare tider vart det mellom anna nytta armillarsfære, astrolabium, gnomon og kvadrant.
Hovudinstrumentet i vår tid er teleskopet med reflektoren (spegelkikkerten) og refraktoren (linsekikkerten). Spesielle typar er radioteleskop, astrograf, Schmidt-teleskop, tårnteleskop, koronagraf, meridiansirkel, passasjeinstrument og universalinstrument.
Dei viktigaste hjelpeinstrumenta er mikrometer, fotometer, spektrograf, spektroheliograf, interferensfilter, film- og CCD-kamera.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Astronomiske instrumenter», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 15. juli 2016