Arnljot Norwich
Arnljot Norwich | |||
Fødd | 29. desember 1922 Harstad kommune | ||
---|---|---|---|
Død | 28. desember 1994 (71 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Høgre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
|
Arnljot Norwich (29. desember 1922–28. desember 1994) var ein norsk forretningsmann og politikar frå Harstad. Han representerte partiet Høgre og Troms fylke på Stortinget frå 1977 til 1989. I perioden mellom 1973 og 1977 var han vararepresentant.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Norwich gjekk elektrolina ved Trondheim tekniske skole 1944–1946 og handelsskule i Harstad 1946/47. Til 1948 arbeidde han som ingeniør i faren sitt elektrofirma, Marcus Norwich i Harstad. I 1949 grunnla han og ein bror elektrofirmaet Brødrene Norwich, eit firma han var disponent for til 1984.
Politisk karriere
[endre | endre wikiteksten]Norwich engasjerte seg i lokalpolitikken for Høgre, og var varaordførar i Harstad 1968–1969 og ordførar 1970–1977. Tingbolken 1973–1977 var han vararepresentant til Stortinget frå Troms fylke, og møtte ved eit par høve medan den faste representanten, Martin Buvik, hadde permisjon. Frå 1977 til 1989 hadde Norwich fast tingsete. Han var då medlem i Industrikomiteen 1977–1981, sekretær i Energi- og industrikomiteen 1981–1985 og medlem i Finanskomiteen frå oktober 1985 til mai 1986. Då Gro Harlem Brundtland danna si andre regjering, vart Norwich vald til leiar i Forbrukar- og administrasjonskomiteen, eit verv han hadde dei siste tre åra på Stortinget.