Armanaz
Armanaz | |||
أرمناز | |||
by | |||
Land | Syria | ||
---|---|---|---|
Guvernement | Idlib guvernement | ||
Distrikt | Harem-distriktet | ||
Nahiyah | Armanaz | ||
Høgd | 340 moh. | ||
Koordinatar | 36°05′N 36°30′E / 36.083°N 36.500°E | ||
Folketal | 10 296 (2004)[1] | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
Postnummer | 23 | ||
Armanaz 36°05′00″N 36°30′00″E / 36.083333333333°N 36.5°E | |||
Kart som viser Armanaz.
| |||
Wikimedia Commons: Armanaz |
Armanaz (arabisk أرمناز) er ein by nordvest i Syria i Idlib guvernement, 20 kilometer nordvest for Idlib nær grensa til Tyrkia.[2] Av stader i nærleiken finn ein Salqin, Harem og Kafr Takharim i nord og Idlib, Ma'arrat Misrin og Saraqib i søraust. I følgje Syrisk statistisk sentralbyrå, hadde Armanaz eit folketal på 10 296 i 2004.[1] Byen er òg det administrative senteret i Aramanaz nahiyah som består av tolv landsbyar med eit samla folketal på 27 267.[1] Armanaz er kjend for glasindustrien.[3] Han er òg kjend for olivenlundane, olivenolje og keramikk.
I vekene etter kampane sommaren 2012 under den syriske borgarkrigen erobra opprørarar Armanaz frå den syriske hæren den 20. juni.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Namnet «Armanaz» er av før-semittisk opphav.[3] I følgje historikaren Carl Joham Lamm indikerer antikke kjelder at Armanaz vart grunnlagd av glasarbeidarar frå ein by nær Tyr (dagens Libanon) med same namn.[4]
I 1098 vart seldsjukkar-herskaren i Antiokia, Yaghi-Siyan, drepen i Armanaz,[5] som då var eigedomen til Maarrat Misrin,[6] medan han rømde byen etter at Antiokia hadde blitt erobra av krossfararar.[5] Under Ajjubide-dynastiet tidleg på 1200-talet skreiv den syrisk geografen Yaqut al-Hamawi at landsbyen Armanaz var «ein eldgamal og liten by, kring 5 league. Dei lagar her keramikk og drikkekar, raud på farge og med ei særs søtleg lukt.»[7]
I mellomalderen nemnte den muslimske historikaren Izz al-Din ibn Shaddad al-Halabi Armanaz som ein av 22 forlatne eller ruinerte festningar i Aleppo-området, truleg øydelagd under mongolinvasjonane av Syria midt på 1200-talet og vart ikkje bygd opp att då mamelukkane fekk makta i området.[8]
Undet det antifranske opprøret leia av Ibrahim Hananu i 1919, styrte soldatane til Hananu i Armanaz og la skatt på landeigarar, kvegeigarar og bønder for å støtte opprøret. Frå Armanaz strekte makta til Hananu seg til Harem, Jisr al-Shughur, Kafr Takharim og Idlib med same skattlegginga og styringa i desse kommunane.[9]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Armanaz» frå Wikipedia på engelsk, den 12. juni 2014.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Gelvin, James L. (1999). Divided Loyalties: Nationalism and Mass Politics in Syria at the Close of Empire. University of California Press. ISBN 0520210700.
- Litman, Enno (1949). Syria Publications of the Princeton University Archeological Expedions to Syria in 1904-5 and 1906 Division Iv semittisk inskripsjons. BRILL Archive.
- Carl Johan Lamm (1941). Oriental Glass of Mediaeval Date Found in Sweden and the Early History of Lustre-painting. Wahlström & Widstrand i.komm.
- le Strange, Guy (1890). Palestina Under the Moslems: A Description of Syria and the Holy Land from A.D. 650 to 1500. Committee of the Palestine Exploration Fund.
- Kate Raphael (2010). Muslim Fortresses in the Levant: Between Crusaders and the Mongols. Taylor & Francis. ISBN 9780203845165.
- ↑ 1,0 1,1 1,2 Folketeljing 2004 Arkivert 2013-02-06 ved Wayback Machine.. Syrisk statistisk sentralbyrå (CBS). Latakia guvernement. (arabisk)
- ↑ 2,0 2,1 Syria: Rebels appear to control large parts of northwest. Global Post. 2012-07-04.
- ↑ 3,0 3,1 Litman, 1949, s. 77.
- ↑ Lamm, 1941, s. 62.
- ↑ 5,0 5,1 Ginkel, s. 241.
- ↑ Gibb, s. 44.
- ↑ le Strange, 1890, s. 399.
- ↑ Raphael, 2010, s. 89-90.
- ↑ Gelvin, 1998, s. 134.