Arinae
Arinae | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Papegøyefuglar Psittaciformes |
Overfamilie: | Parakittar Psittacoidea |
Familie: | Papegøyefamilien Psittacidae |
Underfamilie: | Arinae |
Dei neotropiske papegøyane (Arinae) eller «den nye verdas» papegøyar omfattar rundt 165 artar i 32 biologiske slekter som finst over heile Sør- og Mellom-Amerika, Mexico, Karibia og tidlegare i det sørlege USA.[1] Blant dei er nokre av dei mest kjende og ikoniske papegøyane, inkludert blågulara, solparakitt og gulhovudamazon.
Papegøyane i «den nye verda» har vore kjende for europearar sidan 1492 då Columbus førte dei inn i notata sine. Systematiske skildringar av neotropiske papegøyar var først tilgjengeleg i publikasjon av den tyske naturforskaren Georg Marcgraf i 1648, og av den engelske naturforskaren Mark Catesby i 1731 og 1743.
Om lag 15 artar og ei slekt, Mascarinus, har vorte utrydda dei siste hundreåra.[2] Ei anna slekt er utdøydd i naturen. Over ein tredel av dei eksisterande artane er klassifiserte som trua av IUCN. Nokre få av desse er i overhengande fare for utrydding med færre enn 500 individ i naturen eller i fangenskap: asurara, brilleara, blåstrupeara, puertoricoamazon, og olivenmaskepapegøye. Dei viktigaste årsakene til nedgang i papegøyebestandar er tap av habitat gjennom avskoging ved flathogst, brenning og flaum ved bygging av demningar, fangst for burfuglhandel og introduksjon av ikkje-stadeigne predatorar.
Ein ny art, kondorpapegøye, vart oppdaga så seint som i 2002.
Evolusjon, taksonomi og systematikk
[endre | endre wikiteksten]New World-papegøyane er monofyletiske, og har vore geografisk isolert i minst 30–55 millionar år ved molekylære dateringsmetodar. Sjølv om ganske få fossil av moderne papegøyar er kjende, er dei fleste av desse frå stammen Arini av araer og parakittar; dei eldste er frå 16 millionar år sidan. Dette er prov på at moderne slekter for det meste var ulike frå dei i pleistocen, for nokre millionar år sidan.
Taksonomi
[endre | endre wikiteksten]Neotropiske papegøyar omfattar minst to monofyletiske kladar, ein av primært langhala artar slik som araer, og den andre av primært korthala papegøyar inkludert amazonpapegøyar.[3]
Fylogeni
[endre | endre wikiteksten]Kladogram for dei neotropiske papegøyane:
| ||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||||
Underfamilien Arinae inneheld 165 artar og er delt inn i 34 slekter. Inkludert ein art med ein siste mogleg observasjon i 2001 i Paraguay, asurara (Anodorhynchus glaucus). Kladogrammet er basert på ein fylogenetisk studie av Brian Smith og medarbeidarar som vart publiserte i 2023. I analysen vart slektene Nannopsittaca, Bolborhynchus og Psilopsiagon funne å ikkje vere monofyletiske.[4] Talet på artar i kvar slekt er henta frå IOC-lista.[5] Utforming av kladogrammet er frå «Psittacidae» frå Wikipedia på engelsk, den 12. desember 2023. |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Neotropical parrot» frå Wikipedia på engelsk, den 16. desember 2023.
- Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 16. desember 2023.
- Referansar
- ↑ BirdLife International (2012). «Conuropsis carolinensis». IUCN Red List of Threatened Species 2012. Henta 16. desember 2023.
- ↑ 2023 BirdLife International, Artsliste, IUCN raudlistekategori EX, utrydda Henta 16. desember 2023
- ↑ Miyaki, C. Y.; Matioli, S. R.; Burke, T.; Wajntal, A. (1998). «Parrot evolution and paleogeographical events: Mitochondrial DNA evidence» (PDF). Molecular Biology and Evolution 15 (5): 544–551. doi:10.1093/oxfordjournals.molbev.a025954.
- ↑ Smith, B.T.; Merwin, J.; Provost, K.L.; Thom, G.; Brumfield, R.T.; Ferreira, M.; Mauck, W.M.I.; Moyle, R.G.; Wright, T.F.; Joseph, L. (2023). «Phylogenomic analysis of the parrots of the world distinguishes artifactual from biological sources of gene tree discordance». Systematic Biology 72 (1): 228–241. doi:10.1093/sysbio/syac055.
- ↑ Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Hummingbirds». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 6. juli 2023.