Arequipa-regionen
Arequipa | |||
Ariqipa | |||
region | |||
|
|||
Land | Peru | ||
---|---|---|---|
Del av | South America Midwest Integrated Zone | ||
Hovudstad | Arequipa | ||
Areal | 63 345,39 km² | ||
Folketal | 1 382 730 (2017)[1] | ||
Arequipa-regionen 15°52′S 72°15′W / 15.86°S 72.25°W | |||
Kart som viser Arequipa-regionen.
| |||
Wikimedia Commons: Arequipa Region |
Arequipa (spansk Región Arequipa, quechua Ariqipa suyu) er ein region i det sørlege Peru med ei lang kystlinje grense mot Stillehavet. Han har grenser mot Ica-regionen i nordvest, mot Ayacucho-regionen og Apurímac-regionen i nord, Cuzco-regionen og Puno-regionen i aust, og Moquegua-regionen i søraust. Folkesetnaden var omtrent 1,4 millionar i 2017, arealet er 63 345 km². Hovudstaden er Arequipa.
Regionen er delt inn i 8 provinsar.
Provins (hovudstad)
- Arequipa (Arequipa)
- Camaná (Camaná)
- Caravelí (Caravelí)
- Castilla (Aplao)
- Caylloma (Chivay)
- Condesuyos (Chuquibamba)
- Islay (Mollendo)
- La Unión (Cotahuasi)
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Arequipa har eit variert landskap med ei mykje tørr kyststripe i sør og eit mektig fjellandskap i sentrale og nordre delar av regionen. Kystlandskapet er gjennomskore av dalar med elver frå Andes som syter for vasstilførsel til frodig jordbruksland i avgrensa område. Sideelver til Apurímac har opphav i fjella rett nord for den djupe Colcadalen i Caylloma-provinsen og er dei mest fjerne kjelda til Amazonas-floden. Her finst fleire aktive vulkanar, høgste vulkanen er Ampato på 6310 moh., ein annan mykje kjent og kjegleforma vulkan er Misti på 5821 moh. like ved byen Arequipa.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 http://censos2017.inei.gob.pe/redatam/; vitjingsdato: 12. juli 2019.