Alicja Szemplińska
Alicja Szemplińska | |||
| |||
Fødd | 29. april 2002 (22 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Ciechanów | ||
Opphav | Polen | ||
Aktiv | 2016– | ||
Sjanger | pop | ||
Verka som | songar |
Alicja Maria Szemplińska (fødd 29. april 2002) er ein polsk songar. Ho vart kjend i heimlandet gjennom sin deltaking i ulike songtevlingar, blant anna i 2019, då ho vann den tiande sesongen av The Voice of Poland. Året etter vann ho songtevlinga Szansa na sukces med songen «Empires». Gjennom sigeren skulle ho ha representert Polen i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[1]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Szemplińska vart fødd i Ciechanów i Polen. Ho starta å synga som barn og tok songtimar og opptredde med det lokale kyrkjekoret sitt. Som tolvåring byrja ho å ta profesjonell songundervising.[2][3] Som 14-åring i 2016 fekk ho merksemd då ho vann talentshowet Hit, Hit, Hurra! på tv-kanalen TVP2.[4]
I 2019 vann Szemplińska den tiande sesongen av The Voice of Poland – den polske versjonen av The Voice. Premien var ein platekontrakt med plateselskapet Universal Music Polska.[5] Same år gav ho ut debutsingelen «Prawie my» ('nesten oss').[6]
I februar 2020 deltok Szemplińska i talenttevlinga Szansa na sukces. Tevlinga vart dette året brukt som den nasjonale finalen til Polen til Eurovision Song Contest 2020. Szemplińska deltok med songen «Empires» og vann både jury- og telefonavrøystinga i finalen 23. februar. Gjennom sigeren vart ho og songen «Empires» det polske bidraget i Eurovision Song Contest, og skulle ha delteke i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020 i Rotterdam i Nederland.[7] På grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 såg EBU seg nøydd til å avlyse tevlinga for å hindre spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgjande sjukdomen COVID-19.[8]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Singlar
[endre | endre wikiteksten]- 2019 – «Prawie my»
- 2020 – «Empires»
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Alicja Szemplińska: Nie wolno bać się dążyć do spełnienia marzeń» (på polsk). 24. desember 2019. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Alicja Szemplińska: "Nie chcę zatrzymywać się na śpiewaniu coverów. Chcę pokazać coś swojego" - CGM.pl» (på polsk). 20. januar 2020. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Hit Hit Hurra: kto wygrał finał 2016? Alicja Szemplińska zwyciężczynią» (på polsk). 10. desember 2016. Henta 24. februar 2020.
- ↑ «„Jestem w szoku totalnym”. Pierwszy wywiad Alicji Szemplińskiej po wygranej w „The Voice of Poland”» (på polsk). Henta 24. februar 2020.
- ↑ «alicja szemplińska prawie my» (på polsk). Henta 24. februar 2020.
- ↑ «Poland goes with Alicja Szemplińska for Eurovision 2020». eurovision.tv. 23. februar 2020. Henta 24. februar 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Alicja Szemplińska» frå Wikipedia på bokmål, den 11. november 2021.