Alfred Lacroix
Antoine François Alfred Lacroix (4. februar 1863–12. mars 1948) var ein fransk mineralog og geolog. Han var fødd i Mâcon i Saône-et-Loire.
Alfred Lacroix tok doktorgraden i Paris i 1889, som student under Ferdinand André Fouqué. Fouqué tok berre Lacroix som student om han ville gifte seg med dotter hans. I 1893 fekk han stilling som professor i mineralogi ved Jardin des Plantes i Paris og i 1896 vart han direktør for det mineralogiske laboratoriet i École des Hautes Études.
Han studerte særleg mineral tilknytt vulkanske fenomen og vulkanske bergartar, effektane av memetamorfose i geologi|tamorfose og mineralårer i forskjellige delar av verda, særleg i Pyreneane. I dei mange avhandlingane sine skreiv han om mineralogien og petrologien på Madagaskar og publiserte ei avhandling om utbrota på Martinique, La Montagne Pele et ses éruptions (1904).
Han gav òg ut eit viktig verk kalla Mineralogie de la France et de ses Colonies (1893-1898) og andre verk i lag med Auguste Michel-Lévy. Han vart medlem av Académie des sciences i 1904. I 1930 fekk han Penrose-medaljen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Antoine Lacroix» frå Wikipedia på engelsk, den 8. mai 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Tekst frå Encyclopædia Britannica si 11. utgåve, eit leksikon som i dag er offentleg eigedom.