[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Aleksandr Dargomyzjskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Aleksandr Dargomyzjskij

Statsborgarskap Det russiske imperiet
Fødd 14. februar 1813
Troitskoje
Død

17. januar 1869 (55 år)
St. Petersburg

Yrke komponist, pianist
Språk russisk
Aleksandr Dargomyzjskij på Commons
Aleksandr Dargomyzjskij.

Aleksandr Sergejevitsj Dargomyzjskij (14. februar 181317. januar 1869) var ein russisk komponist under romantikken.

Dargomyzjskij blei fødd i landsbyen Dargomyzjskij i Tula oblast, men familien flytte til St. Petersburg i 1817. Her fekk han musikkutdanninga si, først av ei tysk guvernante, deretter av ein musikklærar ved namn Danilevski og endeleg av Franz Schoberlechner, ein elev av Johann Nepomuk Hummel. I yrkesval følgde han i faren sine fotspor og blei statstenestemann hausten 1827. Som så mange andre unge menn av same sosiale stand såg han på musikk som ein fritidsaktivitet, og fekk inga musikkteoretisk utdanning.

Vinteren 1833-1834 blei han kjend med Mikhail Glinka som lånte han eit notehefte med generalbass- og kontrapunktøvingar som Glinka sjølv hadde nytta mens han studerte med Siegfried Dehn. Dargomyzjskij og Glinka spelte klaverduoar, organiserte konsertar og analyserte symfoniane til Ludwig van Beethoven og ouverturane til Felix Mendelssohn. Dargomyzjskij valde å følgje læraren sitt døme og komponere ein komplett opera. Han var beundra òg fransk litteratur og så den første operaen, Esmeralda, var ei tonesetting av Victor Hugo sin historiske roman Ringaren i Notre Dame. På den tida var russisk opera dominert av italienske verk og Dargomyzjskij måtte vente til 1847 med å få den oppsett på operaen i Moskva. Oppsettinga vekte heller liten entusiasme, så først i 1851 kom den opp på Mariinskij-teateret i St. Petersburg.

I 1843 slutta Dargomyzjskij som statstenestemann for å satse på musikk og i september 1844 gav han seg ut på ei reise utanlands. På same måte som Glinka ti år før var det utanfor Russland han oppdaga kva skattar som gøymde seg i hans heimlege kultur. Han studerte russiske folkesongar og nytta lærdommen til å skrive operaen Rusálka, etter et verk av Aleksandr Pusjkin. Den stod ferdig i 1855. Eit tredje sceneverk var ballettkantaten Bacchusfesten som han fullførte i 1848, men som ikkje blei oppført før i 1867 i Moskva.

Dargomyzjskij døydde 17. januar 1869 i St. Petersburg og etterlèt seg ein uferdig opera som to av dei mest evnerike yngre komponistane i Russland fullførte; Nikolaj Rimskij-Korsakov og César Cui.

Med rette kan ein seie at Dargomyzjskij er ein av dei mest framståande representantane for den nasjonale russiske operaen. Han skreiv orkesterverk, operaer og songar med i ein utprega nasjonal og realistisk karakter.

Verk i utval

[endre | endre wikiteksten]
  • Esmeralda, opera, 1839
  • Russalka, opera, 1855
  • Bacchusfesten, kantate, 1848
  • Bolero, for orkester, 1839
  • Fantasi-scherzo «Baba-Jaga», for orkester, 1862
  • Kviterussisk kosakkdans, for orkester, 1864
  • Fantasi etter finske temaer, for orkester, 1867
  • Der steinerne Gast, Oper, unvollendet,1868-69, vollendet von Cui und Rimski-Korsakow, Uraufführung 28. Februar 1872 in St. Petersburg
  • Ei rekke songar
  • Mindre klaverstykke og variasjonsverk

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]