Albanarfjella
Albanarfjella | |||
fjellkjede | |||
Land | Italia | ||
---|---|---|---|
Albanarfjella 41°44′N 12°42′E / 41.73°N 12.7°E | |||
Wikimedia Commons: Alban Hills |
Albanarfjella (italiensk Colli Albani) er ei vulkansk fjellkjede i Italia, om lag 20 km søraust for Roma og om lag 24 km nord for Anzio. Det høgaste fjellet er Monte Cavo på 950 meter over havet. Det er to små kalderaer som inneheld innsjøane Albanosjøen og Nemisjøen. Bergarten i åsane vert kalla peperino (lapis albanus), som er ein spesiell type tuff, ein kombinasjon av oske og småstein som er nytt for bygging og som gjev eit mineralrikt substrat for vindruer.
Romarane kalla fjella Albanus Mons. På toppen låg ein heilagdom for Jupiter. Tempelet finst ikkje lenger i lag, men vegen Via Triumphalis opp til tempelet er framleis synleg.
Av byar og landsbyar i Albanarfjella finn ein:
- Albano Laziale
- Ariccia
- Castel Gandolfo
- Colonna
- Frascati
- Genzano di Roma
- Grottaferrata
- Lanuvio
- Lariano
- Marino
- Monte Porzio Catone
- Monte Compatri
- Nemi
- Rocca Priora
- Rocca di Papa
- Velletri
Vulkansk aktivitet
[endre | endre wikiteksten]Dei to siste utbrota frå Albanarfjella var for rundt 37 000 til 41 000 år sidan.[1] Området er ofte utsett for små jordskjelv, brady-seismikk og utslepp av karbondioksid og hydrogensulfid i atmosfæren. Dette ser forskarar på som teikn på at eit magmakammer 5-6 km under overflata sakte byggjer seg opp og enkelte meiner at dette kan føre til nye utbrot.[2] Om så skulle skje vil Roma, som berre ligg 25-30 km unna, ligge i faresonen.
Det er skriftlege kjelder om eit utbrot i 114 f.Kr., men det finst ingen geologiske spor som stadfestar noko slikt[2] og ein meiner at det i staden må ha vore ein stor skogbrann.
Vulkanen slepp ut store mengder karbondioksid. Dette kan potensielt vere dødeleg om ein skulle få store konsentrasjonar i søkk i terrenget ved vindstille vêr. I september 1999 vart 29 kyr kvelte på grunn av store gasskonsentrasjonar på nordvestsida av fjellet.[3] Åtte sauer døydde i ei liknande hending i oktober 2001.[4]
Panorama
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alban Hills» frå Wikipedia på engelsk, den 15. november 2007.
Fotnotar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 13. mars 2007, henta 15. november 2007
- ↑ 2,0 2,1 arkivkopi, arkivert frå originalen 13. februar 2006, henta 15. november 2007
- ↑ http://www.esc.cam.ac.uk/ivhhn/guidelines/gas/co2.html[daud lenkje]
- ↑ arkivkopi (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 2. juni 2006, henta 2. juni 2006