Alain Mimoun
Alain Mimoun | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 1. januar 1921 Telagh |
Død | 27. juni 2013 (92 år) Saint-Mandé |
Idrett | friidrett |
Tok del i | Sommar-OL 1960, Sommar-OL 1956, Sommar-OL 1952, Sommar-OL 1948 |
Utmerkingar | storoffiser av Æreslegionen, Croix de guerre 1939–1945, ridder av Den nasjonale fortjenstorden, Ordenen for sportsfortjenester, L'Équipe Champion of Champions, olympisk gullmedalje |
Alain Mimoun Ould Kacha (1. januar 1921–27. juni 2013) var ein algerisk-fransk langdistanseløpar som i 1956 vart olympisk meister i maratonløping. Han vann elles tre OL-sølv og to EM-sølv på 5-/10 000 meter.
Aktiv
[endre | endre wikiteksten]Mimoun deltok i 2. verdskrigen som soldat i den franske hæren. Etter krigen busette han seg i Frankrike, og frå 1947 til 1966 vart han heile 29 gonger fransk meister på 5 000 meter, 10 000 meter, maraton og terrengløp.
Mimoun representerte Frankrike i fire olympiske sommarleikar, 1948–60. I London-OL 1948 vann han sølvmedaljen i milløpet, slått av den suveren vinnaren Emil Zátopek frå Tsjekkoslovakia. Fire år sikra Mimoum seg to sølvmedaljar under Sommar-OL 1952 i Helsinki, der han vart andremann bak same Zátopek både på 10 000 meter og på 5 000 m. På 5 000-meteren fylgde han Zátopek heilt inn til målstreken og sette personleg rekord med 14.07,4. Også i den mellomgåande europameisterskapen 1950 enda Mimoun på sølvplassen på 5 000 m og 10 000 m, der òg var Zátopek hans overmann.
I landskampen Polen – Frankrike den 9. september 1956 i Warszawa sette Mimoun fransk rekord på mila med 29.13,4, men vart slått av Polens Jerzy Chromik som fekk sluttida 29.10,0. Den 1. desember 1956 sprang Mimoun inn til siger i maratonløpet då dei olympiske sommarleikane 1956 vart avvikla i Melbourne, over halvtanna minutt føre Franjo Mihalić frå Jugoslavia. To år seinare vann Mimoun eit maratonløp på tida 2.21.25, hans fortaste løp på distansen.
Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap
[endre | endre wikiteksten]- OL 1948 i London: Sølvmedalje på 10 000 m – 30.47.4, bakom Emil Zátopek (29.59,6)
- EM 1950 i Brussel: Sølv på 5 000 m – 14,26,0 og 10 000 m – 30.21.0
- OL 1952 i Helsinki: Sølv på 5 000 m – 14.07,4 og 10 000 m – 29.32,8.
- OL 1956 i Melbourne: Gull i maraton – 2.25.00. Nr 12 på 10 000 m – 30.18,0
- EM 1958 i Stockholm: Nr 7 på 10 000 m – 29.30,6
- OL 1960 i Roma: Nr 34 i maraton – 2.31.20
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Alain Mimoun» frå Wikipedia på engelsk, den 21. juni 2020.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- «Alain Mimoun» (på engelsk). olympedia.org. Henta 20. februar 2023.
- Einskildmenn
- Fødde i 1921
- Døde i 2013
- Franske langdistanseløparar
- Maratonløparar
- Olympiske meistrar for Frankrike
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Frankrike
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1948
- Franske deltakarar under sommar-OL 1948
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1948
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1952
- Franske deltakarar under sommar-OL 1952
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1952
- Medaljevinnarar under sommar-OL 1956
- Franske deltakarar under sommar-OL 1956
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1956
- Franske deltakarar under sommar-OL 1960
- Friidrettsutøvarar under sommar-OL 1960