Aksel Kankaanranta
Aksel Kankaanranta | |||
Fødd | 28. januar 1998 (26 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Åbo | ||
Opphav | Finland | ||
Aktiv | 2017– | ||
Sjanger | pop | ||
Plateselskap | EMI Finland | ||
Verka som | songar |
Aksel Kankaanranta (fødd 28. januar 1998 i Åbo) er ein finsk songar som vart kjend i heimlandet i 2017, då han vart nummer to i den finske utgåva av The Voice. Året etter fekk han ein hit med raplåten «Jättiläinen», og i 2020 vann han den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu med songen «Looking Back».[1] Med sigeren skulle Kankaanranta ha representert Finland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland, men 18. mars 2020 avlyste EBU Eurovision Song Contest på grunn av koronaviruspandemien i Europa vinteren 2020.[2][3]
Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Kankaanranta vaks opp i Åbo, i ein musikalsk familie. Då han var seks år, byrja han med fiolinundervising, men bytta til bass og gitar då han vart tenåring.[4] Som barn vart han mobba på skulen. På vidaregåande skule byrja han å syngje. «Då oppdaga eg at eg kan synge. Etter det har eg ikkje lukka munnen min», sa Kankaanranta i eit intervju med avisa Ilta-Sanomat i 2017.[5]
I 2017 melde Kankaanranta seg på den finske utgåva av talentprogrammet The Voice. Han enda til slutt på ein andreplass i tevlinga, og året etter fekk han ei hit då han song refrenget på raplåten «Jättiläinen» (kjemper) med rapperen Pyhimys. Låten toppa den finske hitlisten våren 2018.[6]
I 2020 var Kankaanranta blant deltakarane i den finske songtevlinga Uuden Musiikin Kilpailu, den finske uttakinga til Eurovision Song Contest. I finalen laurdag 7. mars 2020 vann han Uuden Musiikin Kilpailu med songen «Looking Back». Som vinnar skulle han ha representert Finland i Eurovision Song Contest 2020 i Rotterdam i Nederland. Han skulle ha delteke i den andre semifinalen torsdag 14. mai 2020.[7] Men på grunn av koronavirusutbrotet i Europa vinteren 2020 vedtok EBU å avlyse Eurovision Song Contest for å hindra spreiing av koronaviruset SARS-CoV-2 og den medfølgende sjukdomen COVID-19.[8] I 2021 deltok han på ny i Uuden Musiikin Kilpailu. I finalen laurdag 20. februar 2021 enda han på femteplass med songen «Hurt». Kankaanranta omtalar seg sjølv som ein sjenert person, som trivst på scena – der han kan vekka «djupe kjensler og reaksjonar i folk».[2]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Jokihaara, Teea (2. april 2020). «Aksel Kankaanrannan viisukevät vaihtui viulunsoittoon» (på finsk). Henta 22. april 2020.
- ↑ 2,0 2,1 «Finland: Aksel Kankaanranta wins UMK 2020 with "Looking Back"» (på engelsk). 7. mars 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ Granger, Anthony (20. mars 2020). «Belgium: Hooverphonic Will Compete At Eurovision 2021» (på engelsk). Henta 20. mars 2020.
- ↑ «Aksel Kankaanrannan ääni on miljoonille tuttu, vaikka hänellä on vain yksi oma kappale – näin koulukiusatusta turkulaispojasta tuli Suomen euroviisuedustaja» (på finsk). 8. mars 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ «Musiikki antoi voimaa koulukiusatulle Akselille – 19-vuotias turkulainen laulaja kisaa nyt The Voice of Finlandin voitosta» (på finsk). 14. april 2017. Henta 8. mars 2020.
- ↑ «finnishcharts.com - Finnish charts portal». Henta 8. mars 2020.
- ↑ «It's Aksel Kankaanranta for Finland!». eurovision.tv. 7. mars 2020. Henta 8. mars 2020.
- ↑ Svendsen, Maiken (18. mars 2020). «Eurovision Song Contest avlyst» (på norsk bokmål). Henta 20. mars 2020.
- Denne artikkelen bygger på «Aksel Kankaanranta» frå Wikipedia på bokmål, den 18. mai 2021.