[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Ahr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ahr
elv
Land Tyskland Tyskland
Nedslagsfelt ±900 km²
Lengd 86 km
Kjelde Eifel
 •  høgd 520 moh.
Munning Rhinen
Kart
Ahr
50°33′33″N 7°16′36″E / 50.559081°N 7.276606°E / 50.559081; 7.276606
Wikimedia Commons: Ahr

Ahr er ei elv i Nordrhein-Westfalen og Rheinland-Pfalz i Tyskland, og ei av sideelvane til Rhinen frå venstre med ei lengd på 86 km. Ho har sitt utspring i ei høgd på 520 meter over havet i Blankenheim i Eifelfjella i kjellaren på eit bindingsverkshus nær slottet i Blankenheim. Etter 18 km kryssar ho grensa frå Nordrhein-Westfalen til Rheinland-Pfalz.

Kjelda til Ahr i Blankenheim

Ahr renn gjennom byane Schuld, Altenahr og Bad Neuenahr-Ahrweiler. Mellom Remagen og Sinzig (sør for Bonn) i om lag 50 meter over havet, munnar ho ut i Rhinen. Ahr har ein hellingsgrad på 0,4 % i dei nedre områda og 0,4-0,8 % i øvre lei.

Ahr og sideelvane drenerer vatn frå dei austlege områda av Eifel, og har eit nedslagsfelt på om lag 900 km². Sidelvane til Ahr (frå munningen til kjelda) er Harbach, Hellenbach, Bachemer Bach, Leimersdorfer Bach, Liersbach, Vischelbach, Sahrbach, Kesselinger Bach, Armuthsbach, Dreisbach, Eichenbach, Adenauer Bach, Trierbach og Ahbach.

Det var isolerte busetnadar i Ahrdalen i romartida, og sidan ho er forholdsvis isolert var det berre spreidd folkesetnad i området. Det endra seg på midten av 1800-talet då busetnadane utvikla seg og trafikken på elva auka. Ahrdalen er eit av dei beste vinområda i Tyskland.