Admiral
Utsjånad
Admiral er ein høgståande tittel, ofte den høgaste, i marinesamanheng. I det norske Sjøforsvaret er det den høgaste grada. Det er for tida berre Kongen som har denne grada, men forsvarssjefen kan òg ha henne dersom han kjem frå Sjøforsvaret.
Omgrepet stammer frå arabisk amir-al-bahr, herre over havet.[1] Det blei teke av sicilianarar og genovesarar som eitt ord, amiral. Etter kvart som det spreidde seg blei d-en lagt til på mange språk.
Galleri
[endre | endre wikiteksten]Admiralar gjennom tidene:
-
James Saumarez, britisk admiral rundt 1800.
-
Isoroku Yamamoto, japansk admiral tidleg på 1900-talet.
-
Thomas C. Hart, amerikansk admiral (til høgre) under den andre verdskrigen