Adveksjon
Adveksjon er transport av skalare storleikar i eit vektorfelt. Eit døme på adveksjon kan vere transport av varme, fukt eller salinitet i hav eller atmosfæren, men alle substansar og storleikar kan advekterast i alle slags væsker. Adveksjon er ein viktig prosess i danninga av orografiske skyer og nedbør frå skyer. Adveksjon følgjer isobarflater og derfor i hovudsak horisontale. Adveksjonsoperatoren i høgde- (z) og trykkoordinatar (p) er:
- .
der vektoren v og skalarane u og v er dei horisontale komponentane av straumen, w er den vertikale komponenten av straumen. x og y er den horisontale posisjonen, medan z er høgda.
Meteorologi
[endre | endre wikiteksten]I meteorologi og fysisk oseanografi viser adveksjon ofte til transport av ein storleik i atmosfæren eller havet, som varme, fukt eller salinitet. Meteorologisk eller oseanografisk adveksjon følgjer isobarflater og er derfor hovudsakleg horisontal. Adveksjon er viktig for danninga av orografiske skyer og nedbørsdanninga i skyer, som ein del av vasskrinslaupet.
Andre storleikar
[endre | endre wikiteksten]Adveksjonslikninga gjeld òg viss storleikar som vert advektert er representert av ein sannsynstettleiksfunksjon i kvart punkt. Å gjere greie for diffusjon vert derimot vanskelegare i slike tilfelle.