Acre
Utsjånad
- For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Acre (fleirtyding).
Acre, uttala [ˈeikə], historisk sett det same som det norske ordet åker, er ei eldre måleining for flate (areal), framleis nytta i Storbritannia (international acre) og USA (survey acre). 1 international acre = 4840 yards² = 4046,8564224 m². Dette tilsvarar om lag 4,0468564224 dekar og 0,40468564224 hektar. 1 survey acre = 4.046,87261 m² = 0,404687261 hektar.
For å rekne om frå acre til hektar, multipliser med 0,4.
For å rekne om frå hektar til acre, multipliser med 2,47.