[go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Abbey Theatre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Abbey Theatre

Kart
Abbey Theatre
53°20′54″N 6°15′26″W / 53.348333333333°N 6.2572222222222°W / 53.348333333333; -6.2572222222222

Abbey Theatre er eit teater i Dublin som blei innvigd i 1904. Det blei eit sentrum for dramatikken i den irske litterære fornyinga på 1900-talet. Sidan 1925 har teateret hatt status som irsk nasjonalscene. Det blei då det første teateret i den engelskspråklege verda med statsstøtte, med eit årleg bidrag frå Den irske fristaten. Fleire irske dramatikarar utvikla seg ved Abbey Theater, som William Butler Yeats, Lady Gregory, Seán O'Casey og John Millington Synge, i tillegg til ei rekkje skodespelarar.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Abbey Theatre