Andreas Köpke
Andreas Köpke i 2018 | |||
Personleg informasjon | |||
---|---|---|---|
Fullt namn | Andreas Köpke | ||
Fødselsdato | 12. mars 1962 (62 år) | ||
Fødestad | Kiel i Vest-Tyskland | ||
Høgd | 182 cm | ||
Posisjon | Målvakt | ||
Seniorkarriere* | |||
År | Lag | Kampar | (Mål) |
1979-1983 | Hertha Berlin | 72 | (0) |
1983-1984 | SC Charlottenburg | 38 | (0) |
1984-1986 | Hertha Berlin | 71 | (0) |
1986-1994 | Nürnberg | 235 | (2) |
1994-1996 | Eintracht Frankfurt | 66 | (0) |
1996-1999 | Marseille | 64 | (0) |
1999-2001 | Nürnberg | 74 | (0) |
Totalt | 620 | (2) | |
Landslag | |||
1990-1998 | Tyskland | 59 | (0) |
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga |
Andreas Köpke (fødd 12. mars 1962 i Kiel) er ein tysk tidlegare fotballspelar frå Kiel. Målvakta vart europameister med Tyskland under EM i fotball 1996. Gjennom to periodar spelte han i til saman ti sesongar på FC Nürnberg.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Frå 1979 spelte Köpke fire sesongar på Holstein Kiel, deretter ein sesong på Charlottenburg og to sesongar i Hertha Berlin. Sommaren 1986 vart han overført til FC Nürnberg, og vart der verande i åtte år. Sidan var han sisteskanse 1994-96 i Eintracht Frankfurt og Olympique Marseille-spelar 1996-99. Til sist vakta han atter Nürnberg-målet i to år, før han la opp i 2001, 39 år gammal.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Köpke fekk sin landslagsdebut våren 1990. Han var med i troppa til fotball-VM 1990 i Italia, utan å kome i aksjon på bana, ettersom Bodo Illgner spelte alle kampane. Både ved EM i fotball 1992 og VM 1994 var Illgner fast mellom stengene i det tyske målburet, og Köpke plassert på benken. Etter den sistnemnde meisterskapen vart Köpke det vanlege fyrstevalet i tida fram til 1998. Under fotball-EM 1996 stod han samtlege seks kampar i turneringa, og stoppa Gareth Southgate si straffe då Tyskland slo ut arrangørlandet England og gjekk vidare frå semifinalen etter straffeskyting. Meisterskapen enda med tysk triumf etter 2-1 mot Tsjekkia i finalen. Også i VM i fotball 1998 spelte han alle Tysklands kampar, ei turnering som enda med at laget vart slått ut i kvartfinalen. Oppgjeret vart samstundes den 59. og siste landskampen til Köpke.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Europameister: 1996 med Tyskland
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Andreas Köpke» frå Wikipedia på tysk, den 28. april 2017.