Anders Nordström
Utsjånad
Anders Nordström | |||
Fødd | 9. mars 1960 | ||
---|---|---|---|
Nasjonalitet | Sverige | ||
Yrke | politikar, lege | ||
Institusjonar | Dei sameinte nasjonane | ||
Verv | Generaldirektør i Verdshelseorganisasjonen (konsituert) 2006-2006 | ||
Føregangar | Lee Jong-wook | ||
Etterfylgjar | Margaret Chan |
Anders Nordström (fødd 9. mars 1960) er ein svensk lege som var konstituert generaldirektør i Verdshelseorganisasjonen frå 22. mai 2006, då Lee Jong-wook til døydde, til 8. november 2006.
Nordström er utdanna ved Karolinska institutet i Stockholm. Han har erfaring med både nasjonale og internasjonale helsespørsmål, så vel som planlegging og strategisk leiarskap.
Han har arbeidd for SIDA i tolv år, av dei tre år i Zambia. Nordström har også arbeidd for Raudekrossen i Kambodsja og Iran.
Anders Nordström er gift og har to born.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Biografi hjå WHO Arkivert 2006-05-17 ved Wayback Machine.