Anaheim
Anaheim | |||
Anaheim i 1922
| |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Fylke | Orange County | ||
Areal | 130,7 km² | ||
Folketal | 342 410 | ||
Tidssone | PST (UTC−8) | ||
Anaheim 33°50′10″N 117°53′23″W / 33.836111111111°N 117.88972222222°W | |||
Wikimedia Commons: Anaheim |
Anaheim er ein by i delstaten California i USA. Byen ligg 25 km aust for Long Beach, og er ein del av storbyområdet Los Angeles–Long Beach-Santa Ana med om lag 12,8 mill. innbyggjarar i 2010.
Anaheim vart grunnlagd i 1857 av tyske vinbønder frå Bayern, og fekk bystatus i 1870. Namnet er sett saman av «Ana» frå Santa Ana River og tyske «heim», som tyder 'heim'.[1] I 1924 var byen forsøkt kuppa politisk av Ku-Klux-Klan, men i eit omval stemte 95 % KKK-medlemmane ut av byrådet.
Disneyland - som er den største arbeidsplassen i byen med om lag 23 000 tilsette - vart grunnlagd i 1955, og dette saman med industriell satsing innan elektronikk, landbruksmaskiner og flydelar endra Anaheim frå eit ruralt område med kring 15 000 innbyggjarar i 1950 til eit urbant senter med meir enn 105 000 innbyggjarar i 1960. Her ligg også Anaheim Stadium, Anaheim Convention Center og Honda Center som er heimebanen til Anaheim Ducks - eit ishockeylag i NHL som vann Stanley Cup i 2007. Espen «Shampo» Knutsen spelte for The Mighty Ducks i 1998.
Anaheim er også kjend som heimbyen til golfspelaren Tiger Woods og Rudolph Boysen som utvikla boysenbær, ei krysning av bringebær, bjørnebær og loganbær.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ Gudde, Erwin; William Bright (2004). California Place Names (Fourth utg.). University of California Press. s. 12. ISBN 0-520-24217-3.. Henta frå Engelsk Wikipedia.
«Anaheim» i Store norske leksikon, snl.no.