Amiga
Amiga | |||
| |||
| |||
Produsent | Commodore International | ||
---|---|---|---|
Type | electronic device model | ||
Prosessor | Motorola 68000 | ||
Designar | Commodore International | ||
Lansert | juli 1985 | ||
Operativsystem (OS) | AmigaOS |
I datavitskapen er Amiga nemninga på ei rad ulike datamaskiner som har vore baserte på 68000-processorane frå Motorola. Det finst dessutan nyutgjevingar av Amiga-maskina, kalla AmigaONE, som er baserte på PowerPC-arkitekturen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Utviklinga av det som først skulle vera ei spelmaskin byrja i 1982.
Den første Amiga-maskinvara vart teikna av Jay Miner. Ho var skilsetjande da ho kom i 1985 og hadde brikkesettet OCS (original chipset) med høgt utvikla bilete- og lydeigenskapar. Amiga vart ei populær spelmaskin, særleg i Europa, da folk bytte ut 8-bit-maskiner som Commodore 64. Amiga fekk òg ei marknadsrolle i video-tilverking.
Da produsenten Commodore gjekk konkurs i 1993, gjekk Amiga-teknologien ei uviss framtid i møte. Rettane til Amiga-teknologien har mange gonger vorte overtekne av nye interessentar, men kvar gong har det vist seg at dei nye eigarane ikkje har vore interesserte eller ikkje i stand til å utvikle nye Amiga-modellar.
Amiga-modellar
[endre | endre wikiteksten]Dei ulike Amiga-modellane:
- Amiga 1000 (frå 1985)
- Amiga 500 (frå 1987)
- Amiga 2000 (frå 1987)
- Amiga 2500 (frå 1989)
- Amiga 1500 (frå 1990)
- Amiga 3000 (frå 1990)
- Amiga 500+ (fra 1991)
- Amiga 3000T (frå 1991)
- CDTV (frå 1991)
- Amiga 600 (frå 1992)
- Amiga 1200 (frå 1992)
- Amiga 4000/040 (frå 1992)
- Amiga 4000/030 (frå 1993)
- CD32 (frå 1993)
- Amiga 4000T (frå 1994)
- Amiga 4000/060 (frå 1996)
Tekniske eigenskapar
[endre | endre wikiteksten]Operativsystem
[endre | endre wikiteksten]Amiga vart tidleg kjend for å ha godt utbygd samkøyring i det operativsystemet som i dag er kjent som AmigaOS. Operativsystemet var mellom anna i stand til å køyre multitasking, noko som midt i 1980-åra var uvanleg på andre maskiner enn dei som køyrde UNIX. Operativsystemet brukte ikkje memory-protection, og dette gjorde at systemet arbeidde særs snøgt. Minuset med denne filosofien var at programmeraren laut vita kva han heldt på med om han ikkje skulle øydeleggje for andre program. Dette er den same problematikken som vi framleis har i moderne sanntidsoperativsystem.
Andre operativsystem som enno finst og er istandhaldne for classic Amiga er Linux, NetBSD, og OpenBSD. Commodore Amiga Unix (bygd på AT&T System V Rel. 4) fanst berre til A2500 og A3000.
Amiga i Noreg
[endre | endre wikiteksten]Noreg var eitt av dei landa der Amiga har vore mykje bruka. Særleg innanfor demoscenen var det mange dugande Amiga-utviklarar. Det var dessutan eit svært aktivt BBS-miljø for Amiga-brukarar. Eit nettverk av såkalla elitebasar heldt det gåande med spreiing av spel og programvare for Amiga til langt uti 1990-åra.