Amfibolitt
Utsjånad
Amfibolitt (av amfibol og -itt) er ein mørk, metamorf bergart som hovudsakleg består av plagioklas og hornblende (amfibol). Han vert danna ved metamorfose av basiske bergartar som gabbro, basalt og kalkrike sediment, eller ved metasomatose av kalkstein.
Bergarten er særs vanleg i Noreg.
-
Granatberande amfibolitt frå Val di Fleres, Italia
-
Amfibolitt frå Polen
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Amfibolitt. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 13. februar 2014.