Cyanose
Utsjånad
Cyanose (av gresk kyanos, 'blå') er ei blåfarging av lepper, hud, slimhinner eller negler. Blåfargen skuldast deoksygenert hemoglobin i blodkar nær kroppsoverflata. Ein skil mellom sentral og perifer cyanose.
Sentral cyanose
[endre | endre wikiteksten]Sentral cyanose er lettast å sjå på (innsida av) leppene, og skuldast oksygenmangel i blodet. Han skuldast anten dårleg oksygenering av blodet i lungene (som ved lungesjukdom eller kveling), at blod går ut i systemkretsløpet utan å ha vore innom lungene (som ved medfødde hjartefeil) eller fordi langsam blodsirkulasjon gjev auka uttrekk av oksygen.
Perifer cyanose
[endre | endre wikiteksten]Perifer cyanose (tydeleg under neglene) skuldast dårleg blodsirkulasjon, til dømes grunna kalde hender. Perifer cyanose er normalt hos spedborn, og blir då kalla akrocyanose.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «Cyanosis» på Engelsk Wikipedia
- Øyri, A: Norsk medisinsk ordbok