Curtis Amy
Curtis Amy | |||
Fødd | 11. oktober 1929 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Houston i Texas i USA | ||
Død | 5. juni 2002 (72 år) | ||
Dødsstad | Los Angeles, California i USA | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | 1950-åra til 1970-åra | ||
Sjanger | Jazz | ||
Instrument | Saksofon | ||
Plateselskap | Pacific Jazz | ||
Verka som | Musikar |
Curtis Amy (11. oktober 1929–5. juni 2002) var ein USA-amerikansk jazz-saksofonist.[1]
Biografi
[endre | endre wikiteksten]Amy vart fødd i Houston i Texas i USA.[2] Han lærte å spela klarinett før han byrja i hæren, og i løpet av tida i teneste tok han til med tenorsaksofonen.[2] Etter utskrivninga gjekk han og vart uteksaminert frå Kentucky State College.[2] Han jobba som pedagog i Tennessee medan han spelte i jazzklubbar i midtvesten.[2] På midten av 1950-talet flytta han til Los Angeles og signerte seinare med Pacific Jazz Records, og spelte ofte med organisten Paul Bryant. På midten av 1960-talet heldt han til tre år som musikalsk leiar for orkesteret til Ray Charles, saman med kona si, Merry Clayton, og Steve Huffsteter.[3]
I tillegg til å leia sine eigne band og spela inn album under eige namn, gjorda Amy studioarbeid og spelte soloane på fleire innspelingar, inkludert The Doors-songen «Touch Me», Carole King sitt Tapestry og dei første albuma til Lou Rawls, Black and Blue og Tobacco Road, samstundes med Dexter Gordon i Onzy Matthews storband,[2][3] i tillegg til å jobba med Marvin Gaye, Tammy Terrell og Smokey Robinson.[3]
Fram til han døydde var han gift med songaren og plateartisten Merry Clayton.[3] Sonen deira, Kevin Amy, har òg forfølgt ein musikalsk karriere.[4]
Diskografi
[endre | endre wikiteksten]Som leiar
[endre | endre wikiteksten]- The Blues Message (Pacific Jazz, 1960)
- Meetin' Here (Pacific Jazz, 1961)
- Groovin' Blue (Pacific Jazz, 1961)
- Tippin' on Through (Pacific Jazz, 1962)
- Way Down (Pacific Jazz, 1962)
- Katanga! (Pacific Jazz, 1963)[3]
- The Sounds of Broadway/The Sounds of Hollywood (Palomar, 1965)
- Mustang (Verve, 1966)
- Jungle Adventure in Music and Sound (Coliseum, 1966)
- Peace For Love (Fresh Sounds 1994)
Som sidemann
[endre | endre wikiteksten]Med Dizzy Gillespie
- Jazz Recital (Norgran, 1956)
Med Carole King
Med The Doors
- saksofonsoloen på hitten deira «Touch Me»
Med Lou Rawls
- Black and Blue (Capitol, 1963)
- Tobacco Road (Capitol, 1963)
Med Gerald Wilson
- On Stage (Pacific Jazz, 1965)
- Feelin' Kinda Blues (Pacific Jazz, 1965)
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Curtis Amy» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mai 2022.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Cook, Richard (2005). Richard Cook's Jazz Encyclopedia. London: Penguin Books. s. 13. ISBN 0-141-00646-3.
- ↑ 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 Colin Larkin, red. (1992). The Guinness Encyclopedia of Popular Music (1. utg.). Guinness Publishing. s. 80. ISBN 0-85112-939-0.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 «Archived copy». Arkivert frå originalen 3. mars 2016. Henta 17. juli 2009.
- ↑ «Merry Clayton, co-star of Oscar-winning '20 Feet from Stardom,' soars on 'Beautiful Scars' after grisly crash». San Diego Union-Tribune (på engelsk). 4. april 2021. Henta 24. september 2021.